bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 15
Jeremiah 15
Norwegian N 78 NN
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 16 →
1
Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara!
2
Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren: Til døden med dei ¬som er etla til å døy, lat sverdet råka dei ¬som skal falla for sverd, og svolt dei ¬som skal svelta i hel, i fangenskap med dei ¬som skal takast til fange!
3
På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda.
4
Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem.
5
Ja, kven tykkjer synd i deg, ¬Jerusalem, kven syner medkjensle ¬med deg? Kven tek av frå vegen og spør korleis det står til med deg?
6
Du støytte meg frå deg, ¬lyder ordet frå Herren, og snudde ryggen til. Difor rette eg handa ut og ville gjera ende på deg; eg var trøytt av å ynkast.
7
Med kasteskuffel ¬spreidde eg dei kringom i byane i landet. Barnlaust gjorde eg folket mitt og lét det gå til grunne, for det vende ikkje om ¬frå si vonde ferd.
8
Det vart fleire enkjer hjå dei enn det er sandkorn ved havet. Eg sende mot dei ¬unge stridsmenn som herja midt på ljose dagen. Brått lét eg skakande redsle ¬koma over dei.
9
Jamvel ho som var mor ¬til sju born, visna bort ¬og seig maktlaus om. Hennar sol gjekk ned ¬medan det endå var dag, ho vart til spott og skam. Dei som er att av folket, gjev eg over til sverdet for augo på deira fiendar, lyder ordet frå Herren.
10
Ve meg, mor mi, ¬at du fødde meg, ein mann som alle her i landet ligg i strid og trette med. Eg skuldar ingen noko, og ingen står i gjeld til meg; endå forbannar dei meg alle.
11
Sanneleg, sa Herren, ¬eg vil fria deg ut, så det kan gå deg godt. Eg lèt fienden naudbe deg når han kjem i naud ¬og trengsle.
12
Kan ein bryta sund jern, jern frå Norden, og bronse?
13
Din rikdom og dine skattar gjev eg til plyndring – ikkje for betaling, ¬men til straff for alt du har synda ¬i heile ditt land.
14
Eg lèt deg træla ¬for dine fiendar i eit land du ikkje kjenner. For vreiden min logar ¬som eld, mot dykk er han kveikt.
15
Du veit det, Herre. Kom meg i hug ¬og ta deg av meg! Lat meg få hemn ¬over dei som forfylgjer meg! Ver ikkje så langmodig mot dei at du riv meg bort. Sjå kor eg vert spotta ¬for di skuld!
16
Eg fann dine ord og åt dei, dei var til hugnad for meg. Og det var ei glede ¬for mitt hjarta at ditt namn er nemnt ¬over meg, Herre, Allhærs Gud.
17
Aldri sat eg og moroa meg i lag med skjemtande menner. Einsam sat eg, ¬gripen av di hand; for du fylte meg med harme.
18
Kvifor er mi liding utan ende og såret mitt ulækjande? Det vil ikkje gro. Du har vorte for meg ¬som ein sviktande bekk, som vatn ein ikkje kan lita på.
19
Då svara Herren: Dersom du vender om, vil eg la deg koma att og stå for mitt åsyn. Er det du talar, gjævt og godt og ikkje verdilause ord, så skal du vera som min munn. Då skal folket venda seg til deg, men du skal ikkje venda deg ¬til dei.
20
Mot dette folket gjer eg deg til ein festningsmur av bronse. Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna. For eg er med deg, eg vil frelsa deg og fria deg ut, lyder ordet frå Herren.
21
Eg vil berga deg ¬or hendene på dei vonde og fria deg ¬or nevane på valdsmenn.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52