bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 13
Genesis 13
Norwegian N 78 NN
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 14 →
1
Så fór Abram frå Egypt opp til Negev med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han.
2
Abram var no svært rik, både på fe og på sølv og gull.
3
Frå Negev fór Abram dagslei etter dagslei til dess han kom til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai.
4
Der hadde han førre gongen bygt eit altar, og der kalla han på Herrens namn.
5
Lot, som fylgdest med Abram, hadde òg småfe og storfe og telt.
6
Men landet kunne ikkje fø dei når dei var i lag; dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman.
7
Så vart det trette mellom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Kanaanearane og perisittane budde den gongen i landet.
8
Då sa Abram til Lot: «Kjære, lat det ikkje vera trette mellom meg og deg og mellom mine gjætarar og dine! Vi er då frendar.
9
Ligg ikkje heile landet framføre deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, skal eg ta til høgre; og tek du til høgre, skal eg ta til venstre.»
10
Då såg Lot ut over landet og la merke til at heile Jordan-sletta, radt ned til Soar, var svært rik på vatn, som Herrens hage, som Egyptarlandet. Det var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.
11
Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta og tok austetter. Såleis skildest dei frå einannan.
12
Abram vart buande i Kanaan, medan Lot slo seg ned i byane på sletta og flytte med telta sine heilt ned til Sodoma.
13
Men folket i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren.
14
Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft augo og sjå deg ikring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest!
15
For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid.
16
Eg vil la ætta di verta som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt kunna teljast òg.
17
Stå opp og far gjennom landet, så langt og så breitt som det er! For deg vil eg gje det.»
18
Sidan flytte Abram ikring med telta sine. Han kom til eikelunden i Mamre ved Hebron. Der vart han buande, og der bygde han eit altar for Herren.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50