bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 40
Genesis 40
Norwegian N 78 NN
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 41 →
1
Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen.
2
Då vart farao harm på dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren.
3
Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange.
4
Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid.
5
Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining.
6
Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag.
7
Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de så sturne i dag?»
8
Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» Då sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!»
9
Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg så klårt eit vintre framfor meg.
10
Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer.
11
Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.»
12
Då sa Josef: «Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.
13
Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans.
14
Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset!
15
For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.»
16
Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet.
17
I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.»
18
Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar.
19
Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.»
20
Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine.
21
Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao,
22
og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt då han tydde draumane deira.
23
Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir på Josef; han gløymde han.
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 41 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50