bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 15
Genesis 15
Norwegian N 78 NN
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 16 →
1
Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.»
2
Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt.
3
Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.»
4
Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.»
5
Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.»
6
Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.
7
Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.»
8
Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det til eige?»
9
Då svara han: «Henta meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs ver, ei turteldue og ein dueunge!»
10
Abram henta alt dette til han, skar dyra midt i to og la det eine stykket av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund.
11
Rovfuglar slo ned på dei daude dyra, men Abram jaga dei bort.
12
Då sola heldt på å glada, kom det ein tung svevn på Abram. Redsle kom over han – eit stort mørker.
13
Og Gud sa til han: «Det skal du vita, at etterkomarane dine skal halda til i eit land som ikkje er deira. Dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundre år.
14
Men det folket dei må træla for, vil eg òg døma, og sidan skal dei dra ut med mykje gods.
15
Og du skal fara i fred til fedrane dine; i ein god alderdom skal du gå i grav.
16
I fjerde ættleden skal dei koma hit att; for syndeskulda åt amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
17
Då sola var gladd, og det var stummande mørkt vorte, synte det seg ein rykande omn og ein logande eld som fór fram mellom kjøtstykka.
18
Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva til Storelva, til Eufrat,
19
landet åt kenittane, kenisittane, kadmonittane,
20
hetittane, perisittane, refaittane,
21
amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50