bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 7
Genesis 7
Norwegian N 78 NN
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 8 →
1
Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For eg har sett at berre du er rettferdig for meg i denne ætta.
2
Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho, og av dei dyra som ikkje er reine, eitt par, hann og ho,
3
og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, så ættene deira kan haldast i live på jorda.
4
For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og rydja ut av jorda alt liv som eg har skapt.»
5
Og Noah gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt.
6
Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.
7
Så gjekk dei inn i arka, Noah og sønene hans, kona og sonekonene hans, og ville berga seg for vassflaumen.
8
Av dei reine og dei ureine dyra, av fuglane og alt som kryp på marka,
9
kom to og to, hann og ho, inn i arka til Noah, som Gud hadde sagt.
10
Då no dei sju dagane var lidne, kom storflaumen over jorda.
11
I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg.
12
Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter.
13
Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans,
14
dei og alle slag villdyr, alle slag fe og alle slag kryp som krælar på jorda, alle slag fuglar og alle dyr som har venger å flyga med.
15
Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle skapningar som har livsande i seg.
16
Hann og ho av alt som lever, kom inn til han, som Gud hadde sagt. Og Herren lét att døra etter han.
17
No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda.
18
Ja, vatnet auka uhorveleg på jorda, og arka flaut på vatnet.
19
Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde.
20
Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte.
21
Då døydde alt liv som rørte seg på jorda, både fugl og fe og villdyr, alt krypet som krælar på jorda, og alle menneska.
22
Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde.
23
Såleis rudde Herren ut kvar levande skapning på jorda, både folk og fe og kryp og fuglane under himmelen; alt vart utrudt frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att.
24
Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50