bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 23
Genesis 23
Norwegian N 78 NN
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 24 →
1
Sara vart 127 år gamal; det var levetida hennar.
2
Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron, i Kanaan. Og Abraham gjekk inn og syrgde og gret over Sara.
3
Sidan reiste han seg, gjekk bort frå den døde kona si og sa til hetittane:
4
«Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.»
5
Hetittane svara Abraham:
6
«Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.»
7
Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet,
8
og sa til dei: «Samtykkjer de i at eg ber ut den døde kona mi og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hjå Efron, son til Sohar,
9
så han lèt meg få Makpela-hola, som høyrer han til og ligg i utkanten av jordet hans. Han skal få full betaling om han her midt imellom dykk gjev meg hola til eigande gravstad.»
10
No sat Efron der mellom hetittane; og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:
11
«Nei, høyr her, herre! Eg gjev deg jordstykket og hola som er der. For augo på landsmennene mine lèt eg deg få henne. Gravlegg den døde kona di!»
12
Då bøygde Abraham seg for folket i landet
13
og sa til Efron, så landsmennene hans høyrde det: «Gjev du ville høyra på meg! Eg betaler deg det som jordet er verdt. Ta imot pengane av meg! Så vil eg gravleggja kona mi der.»
14
Efron svara Abraham:
15
«Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt 400 sekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg kona di, du!»
16
Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt medan hetittane høyrde på, 400 sekel, av det slaget dei brukar i handel.
17
Så vart Efrons jorde, som ligg attmed Makpela, austanfor Mamre, skøytt til Abraham. Han fekk både jordet og hola, og alle trea som voks på jordet, så langt det rakk til alle kantar.
18
Det var dei vitne til, alle hetittane som var komne til porten i byen der Efron budde.
19
Og Abraham gravla Sara, kona si, i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det er Hebron, i Kanaan.
20
Såleis gjekk jordstykket og hola der over frå hetittane til Abraham, så han fekk det til eigande gravstad.
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 24 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50