bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 5
Genesis 5
Norwegian N 78 NN
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 6 →
1
Dette er boka om Adams-ætta. Den dagen Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds bilete.
2
Til mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske, den dagen dei vart skapte.
3
Då Adam var 130 år, fekk han ein son som var så lik han som hans eige bilete, og han kalla han Set.
4
Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.
5
Heile levetida åt Adam vart 930 år. Så døydde han.
6
Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj.
7
Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer.
8
Heile levetida åt Set vart 912 år. Så døydde han.
9
Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan.
10
Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer.
11
Heile levetida åt Enosj vart 905 år. Så døydde han.
12
Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel.
13
Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer.
14
Heile levetida åt Kenan vart 910 år. Så døydde han.
15
Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared.
16
Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer.
17
Heile levetida åt Mahalalel vart 895 år. Så døydde han.
18
Då Jared var 162 år, fekk han sonen Enok.
19
Etter at Jared hadde fått Enok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.
20
Heile levetida åt Jared vart 962 år. Så døydde han.
21
Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah.
22
Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer.
23
Heile levetida åt Enok vart 365 år.
24
Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.
25
Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek.
26
Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.
27
Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han.
28
Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.
29
Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.»
30
Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer.
31
Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.
32
Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50