bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 4
Genesis 4
Norwegian N 78 NN
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 5 →
1
Adam levde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har fått ein gut av Herren.»
2
Sidan fekk ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjætar, Kain vart jordbrukar.
3
Då det leid av ei tid, hende det at Kain bar fram for Herren eit offer av grøda på marka.
4
Abel bar fram offer, han òg; han gav av dei fyrstefødde lamma i saueflokken sin og feittet deira. Herren såg med velvilje på Abel og hans offergåve,
5
men ansa ikkje Kain og gåva hans. Då vart Kain brennande harm og stirte nedfor seg.
6
Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor stirer du ned for deg?
7
Korleis er det? Har du godt i tankar, kan du lyfta augo. Men har du ikkje godt i tankar, ligg synda framfor døra og lurer. Ho trår etter deg, men du skal halda henne i age.»
8
Sidan sa Kain til Abel, bror sin: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Og medan dei var der ute, rauk Kain på Abel, bror sin, og slo han i hel.
9
Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg vakta bror min?»
10
Då sa Herren: «Kva er det du har gjort? Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jorda!
11
No skal du vera bannlyst frå den jord som opna munnen og tok imot blodet åt bror din frå di hand.
12
Når du dyrkar marka, skal ho ikkje meir gje deg si grøde. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jorda.»
13
Då sa Kain til Herren: «Straffa mi er så stor at eg ikkje kan bera henne.
14
Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg og vera heimlaus og fredlaus på jorda, og den som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»
15
Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain, så ingen som møtte han, skulle drepa han.
16
Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austanfor Eden.
17
Kain levde saman med kona si, og ho vart med barn og fødde Hanok. Kain bygde ein by og kalla han Hanok etter son sin.
18
Hanok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael fekk sonen Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.
19
Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.
20
Ada fekk sonen Jabal. Han vart ættefar til dei som bur i telt og held buskap.
21
Bror hans heitte Jubal. Han vart ættefar til alle dei som spelar på lyre og fløyte.
22
Silla fekk òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Na’ama.
23
Lamek sa til konene sine: «Ada og Silla, høyr mi røyst, Lameks koner, lyd på mine ord: Ein mann drep eg for kvart sår og ein gut for kvar skråme ¬eg får.
24
Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek syttisju gonger.»
25
Adam kom saman med kona si att, og ho fekk ein son og kalla han Set. «For Gud har gjeve meg ¬ein annan son og sett han i staden for Abel, sidan Kain slo han i hel.»
26
Set fekk òg ein son og kalla han Enosj. På den tid tok dei til å kalla på Herrens namn.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50