bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 3
Genesis 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 4 →
1
Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»
2
Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen.
3
Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!»
4
Då sa ormen til kvinna: «De skal ikkje døy!
5
Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.»
6
No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt.
7
Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.
8
Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen.
9
Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?»
10
Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.»
11
Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»
12
Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.»
13
Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»
14
Då sa Herren Gud til ormen: «Fordi du gjorde dette, skal du vera forbanna framfor alt fe og alle villdyr. På buken skal du krypa, og mold skal du eta ¬alle dine dagar.
15
Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom ¬og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei ¬i hælen.»
16
Til kvinna sa han: «Stor vil eg gjera di møde så tidt du er med barn; med verk og vande ¬skal du føda. Etter mannen din ¬skal du stunda, og han skal råda over deg.»
17
Og til Adam sa han: «Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vera forbanna ¬for di skuld. Med møde skal du næra deg ¬av henne alle dine levedagar.
18
Torn og tistel ¬skal ho bera, og du skal eta ¬av vokstrane på marka.
19
Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken. Jord er du, og til jord skal du atter verta.»
20
Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever.
21
Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med.
22
Og Herren Gud sa: «No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!»
23
Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av.
24
Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50