bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Genesis 20
Genesis 20
Norwegian N 78 NN
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 21 →
1
Så flytte Abraham til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan heldt han til i Gerar.
2
Han sa om Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, folk av stad og henta Sara.
3
Men om natta kom Gud til Abimelek i ein draum og sa til han: «No skal du døy, fordi du har teke denne kvinna; for ho er ei gift kone.»
4
Abimelek, som ikkje hadde vore nær henne, sa: «Herre, vil du då drepa rettferdige folk?
5
Sa han ikkje til meg at ho er syster hans? Og sjølv har ho sagt at han er bror hennar. Med skuldlaust hjarta og reine hender har eg gjort dette.»
6
Då sa Gud til han i draumen: «Ja, eg veit at du har gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg som heldt deg frå å synda mot meg; difor lét eg deg ikkje røra henne.
7
Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»
8
Tidleg om morgonen kalla Abimelek til seg alle mennene sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene livande redde.
9
Så sende Abimelek bod etter Abraham og sa til han: «Kva er det du har gjort mot oss? Og kva vondt har eg gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over meg og riket mitt? Du har fare åt mot meg som ingen bør gjera.»
10
Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?»
11
Abraham svara: «Eg tenkte: Det finst visst ingen age for Gud på denne staden; dei kjem til å slå meg i hel for kona skuld.
12
Og så er ho då syster mi; ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi. Og ho vart kona mi.
13
Då Gud lét meg fara ikring langt borte frå farshuset mitt, sa eg til henne: Såleis skal du syna din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
14
Så tok Abimelek både småfe og storfe og trælar og trælkvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.
15
Abimelek sa: «Her ligg landet mitt framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»
16
Og til Sara sa han: «Sjå, eg gjev bror din tusen sekel sølv. Det skal vera ei ærebot for deg mellom alle som er saman med deg, og dermed får du full oppreising.»
17
Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og trælkvinnene hans, så dei kunne få born att.
18
For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek etter det som hende med Sara, kona hans Abraham.
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50