bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 12
Job 12
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 13 →
1
Då tok Job til ords og sa:
2
Ja, de snakkar som folk flest, med dykk døyr nok visdomen ut!
3
Men eg òg har forstand, eg står ikkje tilbake for dykk. Kven kjenner ikkje til alt dette?
4
Eg er til lått for venene mine, eg som ropa til Gud og fekk svar, til lått, eg som er rettferdig og from!
5
«Gløym ulukka», tenkjer den sorglause, «ho rammar berre han som snublar.»
6
Telta til valdsmenn får stå i fred; trygge er dei som utfordrar Gud og trur dei har han i si hole hand.
7
Spør berre dyra, og dei skal læra deg, spør fuglane under himmelen, og dei skal opplysa deg.
8
Snakk med jorda, og ho skal læra deg, fiskane i havet skal fortelja.
9
Kven av desse har ikkje skjøna at HERRENS hand har laga dette?
10
Han har kvar levande skapning i si hand, og ånda til kvart menneske.
11
Prøver ikkje øyret det som blir sagt? Ganen smakar då på maten?
12
Med alderdom kjem visdom, eit langt liv gjev innsikt.
13
Hos Gud er visdom og styrke, råd og forstand.
14
Når han riv ned, byggjer ingen opp; når han lèt att for ein mann, kan ingen opna.
15
Når han stengjer for vatnet, blir det tørke, og når han opnar, blir jorda skyld bort.
16
Hos han er styrke og innsikt. Den som fer vill og den som fører vill, tilhøyrer han.
17
Han viser rådgjevarar berrføtte bort, og dommarar gjer han til dårar.
18
Han løyser kongars lenkjer og bind beltet om dei.
19
Han fører prestar berrføtte bort og feller dei sterke.
20
Han lèt dei pålitelege mista munn og mæle, tek dømmekrafta frå dei eldste.
21
Han auser skam over stormenn og tek våpenbeltet av dei sterke.
22
Han avdekkjer det mørke djupet, dreg dødsskuggen fram i lyset.
23
Han lèt folkeslag veksa, og han gjer ende på dei, han spreier folka, og han leier dei.
24
Han tek vitet frå leiarane for folket i landet og fører dei vill i veglause audna.
25
Dei famlar i mørker utan lys, han lèt dei gå seg bort som drukne menn.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42