bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 13
Job 13
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 14 →
1
Auga mine har sett alt, øyra har høyrt og forstått.
2
Det de veit, veit eg òg, eg står ikkje tilbake for dykk.
3
Likevel må eg tala til Den veldige, eg ønskjer å gå i rette med Gud!
4
Men de smør løgna utover, kvakksalvarar er de alle saman.
5
Om de berre ville teia! Då kunne de reknast for vise!
6
Høyr på forklaringa mi, gjev akt på forsvaret mitt!
7
Vil de vitna for Gud med urett, tala hans sak med svik?
8
Er det Gud de tek parti for? Er det hans sak de fører?
9
Går det då godt når han ransakar dykk? Kan de narra han slik de narrar menneske?
10
Nei, han ville refsa dykk strengt om de tok parti i løynd.
11
Skulle ikkje hans velde skremma dykk, hans skrekk falla over dykk?
12
Visdomsorda dykkar er oske, og svara dykkar er av leire.
13
Tei stilt og lat meg føra ordet, kva som enn skjer med meg!
14
Eg tygg på mitt eige kjøt, eg går med livet i hendene.
15
Han vil drepa meg, eg har ikkje noko håp, likevel vil eg forsvara mine vegar for hans andlet.
16
Kanskje blir dette mi redning, for ingen ugudeleg kan koma fram for han.
17
Lytt vel til talen min, lat forklaringa klinga i øyra!
18
Sjå, eg legg fram mi sak, eg veit at eg har rett.
19
Kan nokon vinna ei sak mot meg? Då vil eg teia og døy.
20
Skån meg berre for to ting, så slepp eg å løyna meg for deg:
21
Ta handa di bort frå meg, og lat ikkje redslene dine skremma meg!
22
Rop, så skal eg svara, eller lat meg tala, så svarar du!
23
Kvar er mi skuld og mine synder? Kunngjer mitt brot og mi synd!
24
Kvifor løyner du andletet og reknar meg som din fiende?
25
Vil du då skremma eit blad som blæs bort, forfølgja eit vise halmstrå?
26
Ditt klageskrift mot meg er bittert, du lèt meg bøta for min ungdoms synder.
27
Du set føtene mine i blokka. Du vaktar på alle mine stigar, merkjer av kvart fotspor.
28
Mennesket er som ròte, det blir utslite som mølletne klede.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42