bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 36
Job 36
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 37 →
1
Elihu heldt fram og sa:
2
Ha litt tolmod med meg, så skal eg læra deg noko; for eg har meir å seia om Gud.
3
Mi innsikt hentar eg langt bortanfrå, eg viser at skaparen min har rett.
4
Orda mine er ikkje løgn; du står framfor ein som veit alt.
5
Sjå, Gud er mektig, men avviser ingen; mektig er hans styrke og innsikt.
6
Han held ikkje liv i den urettferdige, men lèt hjelpelause få sin rett.
7
Han tek ikkje auga frå dei rettferdige; med kongar kjem dei på trona, han lèt dei sitja for alltid og opphøgjer dei.
8
Blir dei bundne med lenkjer, fanga i ulukke-snarer,
9
så vil han seia dei kva dei har gjort, at dei synda då dei opphøgde seg.
10
Han opnar øyra deira for å åtvara og byd dei å venda om frå urett.
11
Om dei då lyder og tener han, vil dei leva godt alle sine dagar og enda sine år i lukke.
12
Men om dei ikkje lyder, vil dei falla for sverd, omkoma i sin uforstand.
13
Eit ugudeleg hjarte ber på harme. Dei ropar ikkje om hjelp når Gud har bunde dei.
14
Dei døyr i sin ungdom, endar sitt liv blant tempelprostituerte menn.
15
Gud bergar hjelpelause i deira naud, opnar øyra deira i trengslene.
16
Så vil han òg føra deg ut or trengsles gap, til ope landskap utan farar der bordet ditt er fullt av feite retter.
17
Du fullfører dommen over dei lovlause, lov og rett skal ramma dei.
18
Pass på så ikkje nokon lokkar deg med overflod, lat ikkje løysepengar føra deg på avvegar!
19
Kan skriket ditt fria deg frå trengsle om du så bruker all di kraft?
20
Du skal ikkje lengta etter den natta då folkeslag blir rykte opp med rot.
21
Akta deg, vend deg ikkje mot vondskap, for du vel heller vondskap enn liding.
22
Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde. Kven er ein lærar som han?
23
Kven peikar ut den vegen han skal følgja? Kven kan seia at han gjer urett?
24
Gløym ikkje å prisa hans verk, det alle menneske syng om.
25
Alle menneske ser det, dei skimtar det langt borte.
26
Sjå, Gud er opphøgd, men vi forstår ikkje, hans år kan vi ikkje telja.
27
Han dreg vassdropar opp til seg. Dei blir til regn, til ei Guds kjelde
28
som strøymer frå skyene og fell på mange menneske.
29
Kan nokon forstå korleis skyene breier seg ut, korleis det tornar under hans bustad?
30
Sjå, han breier lyn omkring seg og løyner havsens djup.
31
Slik held han dom over folka, og slik gjev han mat i overflod.
32
Han kler hendene sine i lyn og sender dei mot sitt mål.
33
Torebrak melder at han kjem, sjølv buskapen varslar det når han dreg fram.
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 37 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42