bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 30
Job 30
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 31 →
1
Men no ler dei av meg, dei som er yngre av år, med fedrar som eg nekta plass blant gjetarhundane mine:
2
«Kva nytte har eg av hendene deira? Dei har mista si manndomskraft.
3
Naud og svolt har gjort dei ufruktbare. Dei går og gneg på tørre moar som alt i går var aude og snaue.
4
Dei plukkar melde i krattet og et røter av gyvelbusken.
5
Dei blir drivne ut av leiren, folk ropar etter dei som etter ein tjuv.
6
I ville kløfter held dei til, i jordhòler og grotter.
7
Dei skrik som esel i krattet og klyngjer seg saman mellom tistlar,
8
born av dårar, av folk utan namn, kjeppjaga ut av landet.»
9
Men no er eg spottevisa deira, det er meg dei sladrar om.
10
Dei avskyr meg og vik unna meg, openlyst spyttar dei på meg.
11
Gud løyste bogestrengen min og knekte meg. Difor er dei utan hemningar når dei møter meg.
12
Avkomet deira reiser seg på høgre sida, dei spenner føtene under meg og banar veg for ulukka.
13
Dei bryt opp stigen min, dei skor seg på mi ulukke, dei som sjølve ingen hjelpar har.
14
Dei kjem som gjennom ei vid rivne, mellom ruinar velter dei fram.
15
Redsler kastar seg over meg, dei jagar mi ære som vinden, redninga blæs bort som ei sky.
16
For no er mi livskraft tømd ut, lidings dagar har gripe meg.
17
Natta går gjennom merg og bein, verken gneg utan stans.
18
Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine, hendene hans snører kjortelen om meg.
19
Så kastar han meg i søla, eg er som støv og oske.
20
Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje. Eg står der, og du berre ser på meg.
21
Du har snudd om og vorte vond mot meg, Med di veldige hand går du til åtak.
22
Du set meg til å ri på stormen, braket gjer meg skjelven.
23
Eg veit du fører meg i døden, til huset som samlar alt levande.
24
Retter ikkje folk ut handa når alt sig i røys? Ropar dei ikkje om hjelp når dei går under?
25
Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar? Sørgde eg ikkje over dei fattige?
26
Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.
27
Det koker i meg, ustanseleg. Eg har møtt trengsles dagar.
28
Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol. Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.
29
Eg har vorte ein bror av sjakalar, held lag med strutsar.
30
Huda er svart over heile meg, og knoklane brenn av hete.
31
Mi lyre er stemd for sørgjesong, og fløyta gjev lyd til gråt.
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 31 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42