bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 6
Job 6
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 7 →
1
Då tok Job til ords og sa:
2
Å, om mi uro kunne vegast og leggjast i vektskåla med mi sorg!
3
For no er dei tyngre enn havsens sand; difor talar eg utan å tenkja.
4
Piler frå Den veldige sit i kroppen, gifta deira tek mi kraft; redsler frå Gud samlar seg mot meg.
5
Skrik vel eit villesel som beiter i graset, rautar ein okse når han har fôr?
6
Kven et smaklaus mat utan salt? Smakar det noko av stokkrosesaft?
7
Det byd meg imot å røra ved slikt, det er som å eta utskjemd mat.
8
Om berre bøna mi vart høyrd, om Gud ville oppfylla mitt håp!
9
Om han berre ville knusa meg, lyfta handa si og gjera ende på meg!
10
Då får eg trass alt ei trøyst når eg vrid meg i nådelaus pine: Så hadde eg ikkje fornekta talen frå Den heilage.
11
For kva krefter har eg til å halda ut? Finst det eit mål eg kan strekkja meg mot?
12
Er eg sterk som stein, er kroppen min av bronse?
13
Nei, eg er fullstendig hjelpelaus, eg finn ingen utveg.
14
Den som ikkje viser godvilje mot nesten, har gjeve opp si frykt for Den veldige.
15
Og brørne mine svikta som ein bekk, eit bekkefar der vatnet blir borte.
16
Bekken var dekt av tjukk is, løynd under snøen.
17
I tørketida stilnar han, i varmen tørkar han inn.
18
Straumen mistar retninga; vatnet renn ut i sanden og blir borte.
19
Karavanar frå Tema speida etter vatn, dei reisande frå Saba sette sitt håp til det.
20
Dei stola på det, men vart til skamme. Då dei kom fram, vart dei vonbrotne.
21
No har de vorte ein slik bekk! De ser det grufulle og blir redde.
22
Har vel eg nokon gong sagt: «Gjev meg noko! Bruk rikdomen dykkar til å kjøpa meg fri!
23
Redd meg frå fienden, fri meg frå valdsmenns hand!»
24
Rettlei meg, så skal eg teia. Vis meg kvar eg har feila!
25
Kan rettvise ord såra? Men korleis er det de talar til rette?
26
Vil de visa meg til rette for min tale? Ord frå ein fortvila blir spreidde for vinden.
27
Ville de òg kasta lodd om foreldrelause og kjøpslå om ein ven?
28
Lyft no hovudet og sjå på meg! For eg lyg dykk ikkje rett opp i andletet.
29
Tenk dykk om! Gjer ikkje urett! Vend om; eg er enno rettferdig!
30
Finst det urett på mi tunge? Kjenner eg ikkje smaken av sorg?
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42