bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 3
Job 3
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 4 →
1
Til sist opna Job munnen og forbanna den dagen han vart fødd.
2
Job tok til ords og sa:
3
Bort med den dagen eg vart fødd, den natta det vart sagt: «Ein gut er unnfanga.»
4
Den dagen — lat han bli mørker, så Gud i det høge ikkje spør etter han og dagslys aldri fell på han!
5
Lat mørker og dødsskugge få han, lat skyer kvila over han og formørking skremma han!
6
Den natta — lat mørke skuggar ta henne så ho ikkje finst mellom dagane i året og ikkje kjem med når månader skal teljast.
7
Ja, måtte den natta bli ufruktbar og glederop ikkje høyrast.
8
Lat dei lysa forbanning over henne, dei som manar fram ulukkedagar, dei som kan vekkja Leviatan.
9
Lat hennar morgonstjerner slokna, lat ho venta på lys som ikkje kjem, og aldri sjå morgonròden slå auga opp!
10
For ho stengde ikkje morlivs dører for meg og løynde ikkje lidinga for auga mine.
11
Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd, anda ut då eg kom frå mors liv?
12
Kvifor tok dei meg på fanget, la meg til brystet for å suga?
13
No kunne eg ha lege i ro, sovna og så fått kvila
14
med kongar og rådgjevarar på jorda, dei som bygde der det no er ruinar,
15
eller med stormenn som hadde gull og fylte husa sine med sølv.
16
Då hadde eg ikkje vore til, lik eit foster som døyr i løynd, lik eit spedbarn som aldri såg dagens lys.
17
I grava har dei urettferdige rasa frå seg, der kviler dei som har tømt sine krefter.
18
Fangar har fred, dei høyrer ikkje vaktarens rop.
19
Der er både små og store, der er tenaren fri frå herren sin.
20
Kvifor gjev dagen lys til den som lid, og liv til dei ulukkelege,
21
til dei som ventar fåfengt på døden og søkjer døden meir enn løynde skattar,
22
til dei som glade ville ha jubla og fryda seg om dei fann ei grav,
23
til ein mann som ikkje finn veg fordi Gud stengjer for han?
24
Mine sukk har vorte mitt brød, klageropa mine strøymer som vatn.
25
Det eg fryktar mest, er over meg. Det eg gruar for, kjem no.
26
Eg får ikkje fred, ikkje ro, ikkje kvile, så opprørt er eg.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42