bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 31
Job 31
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 32 →
1
Eg gjorde ein avtale med auga mine at eg ikkje skulle sjå på noka jente.
2
Kva del fekk eg elles av Gud i himmelen, kva arv frå Den veldige i det høge?
3
Kjem ikkje uhell til den som gjer urett, rammar ikkje ulukke den som gjer vondt?
4
Ser ikkje han min veg, tel han ikkje kvart steg?
5
Har eg ferdast i løgn? Har føtene hasta til svik?
6
Lat Gud vega meg på rettferds vekt, så vil han forstå at eg er uskuldig.
7
Om stega mine bøygde av frå vegen, om hjartet følgde der auga flyg, om hendene vart ureine,
8
så lat andre få eta det eg har sådd, lat spirene mine bli rykte opp med rota.
9
Om hjartet lét seg lokka av noka kvinne og eg låg på lur ved døra til min neste,
10
så kan kona mi mala korn for ein annan og andre få bøya seg ned over henne!
11
For det ville vera vondskap, ein urett som fortener straff,
12
ein eld som et seg ned til avgrunnen, utryddar alt som veks etter meg.
13
Krenkte eg retten når eg hadde sak med slaven eller slavekvinna mi,
14
kva skulle eg då gjera når Gud reiste seg? Når han forhøyrde meg, kva skulle eg svara?
15
Han som laga meg i mors liv, har òg laga den andre. Den same danna oss i morslivet.
16
Har eg nekta fattige det dei ønskte, sløkt gløden i auga til enkjer?
17
Åt eg alt brødet sjølv så ikkje farlause fekk mat?
18
Nei, frå eg var ung, har eg vore som ein far for dei, frå første stund tok eg meg av enkjer.
19
Kunne eg sjå folk bukka under fordi dei ikkje hadde klede, at den fattige mangla noko å kle seg med?
20
Velsigna han meg ikkje for varm ull frå lamma mine?
21
Har eg lyft handa mot ein farlaus når eg såg at eg fekk medhald i retten?
22
Då vil skuldra losna frå nakken og armen gå ut or ledd.
23
For Guds ulukker skremmer meg, eg kan ikkje stå meg imot hans velde.
24
Har eg sett mi lit til gull, sagt til det edle metallet: «Eg stolar på deg»?
25
Har eg gledd meg fordi rikdomen auka, fordi eg fekk hand om så mykje?
26
Har eg, når sola stråla fram og månen steig i sin glans,
27
late meg hemmeleg lokka til å helsa dei med handkyss?
28
Nei, det er ein urett som fortener straff; då ville eg ha fornekta Gud i det høge.
29
Har eg gledd meg over fiendens undergang, fryda meg når ulukka ramma han?
30
Eg lét ikkje munnen synda slik at eg forbanna nokon og ønskte han død.
31
Dei som budde i mine telt, sa då: «Alle blir metta av kjøtet på hans bord.»
32
Ein innflyttar overnatta aldri ute; døra mi var alltid open.
33
Har eg løynt mi synd, slik folk gjer, gøymt mi ugjerning ved barmen
34
fordi eg frykta mengda, var knust av forakt frå slektningar så eg tagde og ikkje gjekk ut?
35
Om berre nokon ville høyra på meg! Sjå, her er mi underskrift, lat no Den veldige svara meg! Om berre motparten min sette opp eit skriv!
36
Då ville eg bera det på skuldrene mine, binda det som ein krans om hovudet!
37
Eg vil gjera rekneskap for alle mine steg, tre fram for han som ein fyrste.
38
Om åkeren min skrik mot meg og alle plogfòrene græt,
39
har eg ete åkerens kraft utan vederlag og blåse ut livet for jordeigaren,
40
så lat det koma opp tornar i staden for kveite og ugras i staden for bygg! Jobs tale er fullført.
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 32 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42