bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Job 38
Job 38
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 39 →
1
Då svara HERREN Job ut av stormen og sa:
2
Kven er dette som formørkjer min plan med uforstandige ord?
3
Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara:
4
Kvar var du då eg grunnla jorda? Fortel det, om du veit det!
5
Kven har fastsett hennar mål — det veit du vel? Kven drog målesnora over henne?
6
Kvar vart pilarane under jorda slegne ned, og kven la hjørnesteinen
7
medan alle morgonstjerner jubla og alle gudesøner ropa av fryd?
8
Kven stengde for havet med portar då det fossa fram frå morslivet,
9
då eg kledde havet med skyer og sveipte det i skodde,
10
då eg sette grense for det, stengde med slå for porten?
11
Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger. Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»
12
Har du nokon gong kalla morgonen fram eller vist morgonròden staden hans
13
så han kan ta tak i endane av jorda og rista dei lovlause bort?
14
Då blir jorda omforma som leire under eit stempel, alt står fram som i ny drakt.
15
Dei urettferdige mistar det lyset dei hadde. Armen dei lyfte, blir knust.
16
Har du nådd fram til havsens kjelder? Har du gått rundt på botnen av urdjupet?
17
Har dødens portar synt seg for deg, har du sett dødsskuggens dører?
18
Forstår du viddene på jorda? Sei frå om du kjenner alt dette.
19
Kvar går vegen til bustaden for lyset, og kvar held mørkret til?
20
Du kan føra mørkret til landet der det bur, om du kjenner stigane dit!
21
Du veit det, for du var vel fødd den gongen! Ja, dine dagars tal er stort.
22
Har du nådd fram dit snøen har sitt kammer, og sett lageret med hagl
23
som eg sparer til trengselstider, til dagen med kamp og krig?
24
Kvar går vegen dit lyset deler seg og austavinden blæs ut over jorda?
25
Kven laga laup for styrtregnet, veg for tore og brak,
26
så det regna over land der ingen bur, i ørkenen der det ikkje er menneske?
27
Regnet metta det aude landet så graset grodde grønt.
28
Har regnet ein far? Kven har avla doggdropane?
29
Kva for eit morsliv kjem isen frå? Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?
30
Vatnet kler seg ut som stein, overflata av djupet blir dekt av is.
31
Kan du knyta Sjustjerne-bandet eller løysa Orions lenkjer?
32
Fører du stjernebileta fram i rett tid, leier du Store bjørn og dei små bjørnane?
33
Kjenner du himmelens lover? Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?
34
Kan du lyfta røysta di til skyene slik at vatnet fløymer ned over deg?
35
Kan du senda ut lyn så dei fer av stad og seier til deg: «Her er vi»?
36
Kven gjev visdom til ibisfuglen og forstand til hanen?
37
Kven er så vis at han kan telja skyene? Kven heller vatn or himmelkrukkene
38
når molda storknar som malm og jordklumpane klistrar seg saman?
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42