bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 24
Isaiah 24
Norwegian 1938
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 25 →
1
Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne; han brigder hennar skapnad og spreider dei som bur på henne.
2
Då gjeng det presten som folket, herren som trælen, matmori som trælkvinna, seljaren som kjøparen, lånaren som utlånaren, okraren som skuldmannen hans.
3
Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra; for Herren hev tala dette.
4
Jordi syrgjer og visnar burt, jordheimen sjuknar og visnar burt; storingane på jordi sjuknar burt.
5
Og jordi er vanhelga under dei som bur der; for dei hev brote lovene, gjort imot bodet, brote den ævelege pakti.
6
Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt dei som bur på henne; difor brenn jordbuane, so berre få folk vert leivde.
7
Druvesafti tek skade, vintreet sjuknar burt; sukka lyt alle som fyrr var so hjarteglade.
8
Det er slutt med gleda ved trummeljod og slutt med ståket av dei som jublar; det er slutt med gleda ved citarklangen.
9
Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er den sterke drykken for dei som drikk.
10
Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.
11
Dei jamrar seg på gatone yver vinen; all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.
12
Berre øyding er att i byen, og porten ligg krasa i røys.
13
For so skal det ganga til millom folki på jordi som når oljebær vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.
14
Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom fegnast dei frå havet. /
15
Æra difor Herren, de som bur i Austerland, æra namnet åt Herren, Israels Gud, de som bur på havsens øyar!
16
Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsongar: Æra vere den Rettferdige! Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja, ransmenner ranar og herjar.
17
Gru og grav og garn yver deg, du som bur på jordi!
18
Og det skal ganga so at den som flyr for det gruelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i garnet; for himmelslusone er opna, og grunnvollane åt jordi skjelv.
19
Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.
20
Sjangla skal jordi som drukken mann og verta slengd att og fram som ei hengjekøy, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.
21
I den tidi skal Herren heimsøkja himmelheren i høgdi og jordkongane nedpå jordi,
22
og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og langt um lenge skal dei få si straff.
23
Og månen skal blygjast og soli skjemmast; for Herren, allhers Gud, råder på Sionfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66