bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 36
Isaiah 36
Norwegian 1938
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 37 →
1
I det fjortande året av kongedømet åt Esekias drog Sankerib, kongen i Assyria, upp imot alle faste byar i Juda og hertok dei.
2
Assyrarkongen sende Rabsake med ein stor her frå Lakis til Jerusalem mot kong Esekias; han stogga innmed vassleidingi frå Øvredammen, attmed ålmannvegen til Vaskarvollen.
3
Då gjekk Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, ut til han saman med Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren.
4
Og Rabsake sa til dei: Seg til Esekias: So segjer storkongen, kongen i Assyria: Kva er det for ei trygd du trøystar deg med?
5
Eg segjer: Berre tome ord [er det du segjer:] Her er klokskap og styrke nok til krig. Kven er det då du lit på, sidan du hev sett deg upp imot meg?
6
Ja, eg veit nok du set di lit til Egyptarland, den brotne røyrstaven, som sting hol i handi på alle som styd seg på han; soleis er Farao, egyptarkongen, for alle dei som lit på han.
7
Men svarar du meg: Det er Herren vår Gud me lit på - var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Esekias fekk burt, då han sa til Juda og Jerusalem: Framfor dette altaret er det de skal tilbeda?
8
Men kom no og gjer eit veddemål med herren min, kongen i Assyria: Eg skal gjeva deg tvo tusund hestar i fall du kann finna ridarar til dei.
9
Korleis skulde du då kunde driva attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Difor lit du på Egyptarland og vonar du skal få vogner og hestfolk derifrå.
10
Trur du då det er mot Herrens vilje eg hev drege mot dette landet og vil leggja det øyde? Nei, Herren hev sjølv sagt til meg: Drag ut imot dette landet og legg det i øyde!
11
Då sa Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: Gjer vel og tala til tenarane dine på syrisk! For me skynar det. Tala ikkje til oss på jødisk, so folket som stend på muren, høyrer det.
12
Men Rabsake svara: Tru det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg for å segja dette? Er det ikkje til dei mennene som sit på muren og snart lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn liksom de sjølve?
13
So steig Rabsake fram og ropa med høg røyst på jødisk: Høyr eit ord av storkongen, kongen i Assyria!
14
So segjer kongen: Lat ikkje Esekias få dåra dykk! For han er ikkje god til å berga dykk.
15
Lat ikkje Esekias få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: Herren vil nok hjelpa oss, denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.
16
Høyr ikkje på Esekias! For so segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg og kom ut til meg, so skal de få eta kvar av sitt vintre og sitt fiketre og drikka vatn kvar or sin brunn,
17
til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige land - eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar.
18
Lat ikkje Esekias lokka dykk og segja: Herren vil berga oss! Hev vel nokon av gudane åt hine folki berga sitt land for kongen i Assyria?
19
Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarva'im? Hev Samaria-gudane berga Samaria ut or hendene mine?
20
Kven er det av alle gudane åt desse landi som hev berga sitt land for meg? Skulde so Herren kunna berga Jerusalem ut or hendene mine?
21
Dei tagde og svara han ikkje eit ord; for so lydde bodet kongen hadde gjeve; De skal ikkje svara han.
22
Men Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren, kom med sundrivne klæde heim til Esekias og bar fram til han ordi hans Rabsake.
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 37 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66