bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 58
Isaiah 58
Norwegian 1938
← Chapter 57
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 59 →
1
Ropa av full hals, ikkje spar! Lyft di røyst som ein lur og forkynn mitt folk deira brot og Jakobs hus deira synder!
2
Meg spør dei dag for dag, og mine vegar vil dei vita; liksom dei var eit folk som hev levt i rettferd og ikkje vendt seg frå sin Guds lov, krev dei av meg rettferdige domar; dei vil at Gud skal koma nær til dei!
3
Kvifor fastar me, og du ser det ikkje? Kvifor spekjer me oss, og du aktar ikkje på det? - Jau, på fastedagen gjer de dykkar gjerning og driv til arbeid alle dykkar folk.
4
Sjå, de fastar med kiv og strid, med hogg og slag av gudlause nevar; de fastar ikkje soleis no at røysti dykkar kann høyrast i det høge.
5
Er det ei faste eg likar, ein dag då eit mennesket spekjer seg? At ein bøygjer hovudet som eit sev og reider seg seng i sekk og oska - kallar du det ei faste og ein dag som er Herren til hugnad?
6
Er ikkje det ei faste eg likar, at de løyser ugudlegskaps lekkjor, sprengjer bandi på åket, gjev dei nedtyngde fridom og knekkjer kvart eit åk?
7
Ja, at du bryt ditt brød åt den svoltne og let heimlause stakkarar koma i hus, at du klæder den nakne du ser, og ikkje dreg deg burt frå ditt kjøt og blod.
8
Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, og din lækjedom koma brått; di rettferd skal ganga fyre deg, og Herrens herlegdom sist i ferdi.
9
Då skal Herren svara når du kallar på han; når du ropar, skal han segja: Sjå, her er eg! Fær du burt ifrå deg tyngjing med åk, sluttar å peika med fingrane og tala vondt
10
og gjev den svoltne det du sjølv hev hug på, og mettar ei nedbøygd sjel, då skal ljoset ditt stråla i myrkret, og di natt skal verta som middag.
11
Då skal Herren leida deg alltid og metta deg midt i øydemarki, han skal styrkja beini dine; og du vert som ein velvatna hage, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt.
12
Dine søner skal byggja gamle grushaugar upp att, du skal reisa upp tufter som låg i øyde frå ætt til ætt, og dei skal kalla deg «murbrot-bøtar», «han som vøler vegar, so folk kann bu i landet».
13
Held du foten din att frå sabbaten, so du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag, kallar du sabbaten ei lyst, Herrens heilagdag høgvyrd, ærar du han, so du ikkje gjeng dine eigne vegar, ikkje gjer di gjerning eller fer med tomt svall -
14
då skal du frygda deg i Herren, og eg let deg fara yver haugane i landet og let deg njota arven åt Jakob, far din; for Herrens munn hev tala.
← Chapter 57
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 59 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66