bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 57
Isaiah 57
Norwegian 1938
← Chapter 56
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 58 →
1
Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og gudlege menner vert rivne burt, men ingen ansar at den rettferdige vert riven burt fyrr ulukka kjem.
2
Han gjeng inn til fred; dei kviler på sine lægje dei som gjekk vegen sin beint fram.
3
Men kom her hit, de trollkjerringborn, du ætt av horkar og skjøkja!
4
Kven hev de til låtteløgje? Kven geipar de åt og retter ut tunga? Er de ikkje sjølve brots-ungar, ei ljugarætt?
5
De som brenn av lystnad ved terebintone, under kvart eit grønt tre, de som slaktar born i dalane, i skortor og skard!
6
Håle steinar i bekken er din deil; dei, ja, dei er din lut; for dei og rende du drykkoffer ut og bar matoffer fram - skulde eg vera nøgd med det?
7
På høge og store fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slaktoffer.
8
Og bakum døri og dørskia sette du ditt minnesmerke; du snudde ryggen til meg, klædde av deg og steig upp, gjorde lega di breid og tinga med dei; du lika å liggja med dei, du såg deira skam.
9
Du drog til kongen med olje, og du kom med mange angande salvar, du sende dine bod langt burt, og du steig djupt ned, radt til helheimen.
10
Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sa du ikkje: Eg gjev meg yver! Du fann ny kraft i di hand, difor vart du ikkje veik.
11
Kven var du redd og ottast, sidan du gav deg burt i lygni og ikkje tenkte på meg og ikkje la deg det på hjarta? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?
12
Eg vil kunngjera di rettferd og dine verk, og dei kann ikkje hjelpa deg.
13
Når du skrik, so lat avgudsflokken din berga deg! Nei, ein vind skal føykja dei alle burt, ei vindgufs taka dei med seg; men den som flyr til meg, skal erva landet og få til eiga mitt heilage berg.
14
Og det skal verta sagt: Brøyt, brøyt, jamna veg! Tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!
15
For so segjer han som er høg og upphøgd, han som tronar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi
16
For eg trettar ikkje til æveleg tid, og eg er ikkje stødt og stendigt harm; for då laut åndi ormektast for meg, dei sjeler som eg hev skapt.
17
Eg harmast for Israels syndige hækna og slo han, eg løynde mi åsyn og var harm, og han fylgde i fråfall sin hjartans veg.
18
Hans vegar hev eg sett, og no vil eg lækja han, eg vil leida han og gjeva han og hans syrgjande trøyst.
19
Herren skaper frukt av lippor; fred, fred for fjerr og nær, segjer han, og eg lækjer han.
20
Men dei ugudlege er som det bårande havet; det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjone rotar upp skarn og søyla.
21
Dei ugudlege hev ingen fred, segjer min Gud.
← Chapter 56
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 58 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66