bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 66
Isaiah 66
Norwegian 1938
← Chapter 65
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
1
So segjer Herren: Himmelen er min kongsstol og jordi er fotbenken for føtene mine. Kva for eit hus kunde de då byggja meg, og kvar skulde det finnast ein kvilestad åt meg?
2
Alt dette skapte eg med mi hand, og soleis vart alt dette til, segjer Herren. Men den som eg vil sjå til, det er den arme og hugbrotne og den som skjelv for mitt ord.
3
Den som slaktar ein stut, er som den som drep ein mann; den som ofrar eit lamb, er som den som bryt nakken på ein hund; den som ofrar matoffer, er som den som ofrar svineblod; den som ber fram minningsoffer av røykjelse, er som den som hyller avgudar. Liksom dei hev valt sine eigne vegar; og dei likar styggetingi sine,
4
so vil eg og velja å fara ille med dei, og det som dei reddast, vil eg føra yver dei, for di ingen svara då eg ropa, og dei høyrde ikkje då eg tala, men gjorde det som eg mislika, og valde det eg ikkje tykte um.
5
Høyr Herrens ord, de som skjelv for hans ord! Dykkar brør som hatar dykk og støyter dykk frå seg for mitt namn skuld, dei segjer: Lat Herren syna seg herleg, so me fær sjå dykkar gleda! Men dei skal verta til skammar.
6
Høyr gnyen frå byen! Høyr omen frå templet! Høyr, Herren gjev sine fiendar lika for deira verk!
7
Fyrr ho vert barnsjuk, hev ho født, fyrr ridene kjem, hev ho fenge ein gut.
8
Kven hev høyrt um slikt? Kven hev set sovore? Kjem eit land til verdi på ein einaste dag? Kann eit folk verta født med ein einaste gong? For Sion vart barnsjuk og fødde med same sønene sine.
9
Skulde eg opna morsliv og ikkje gjeva føding? segjer Herren. Eller skulde eg som gjev føding, stengja det att? segjer din Gud.
10
Gled dykk med Jerusalem og jubla yver henne, alle de som hev henne kjær! Fegnast storleg med henne, alle de som ber sorg for henne!
11
So skal de få suga og mettast av hennar hugsvalande barm, de skal få drikka og kveikjast av hennar herlege rikdom.
12
For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv og herlegdomen hjå heidningane som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk.
13
Som mori trøystar barnet sitt, soleis skal eg trøysta dykk; ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
14
De skal sjå det, og hjarta dykkar skal fegnast, og beini dykkar skal friskna som graset, og merkast skal det at Herrens hand er med hans tenarar, men fiendane sine skal han harmast på.
15
For sjå, Herren skal koma i eld, og hans vogner skal vera som ein storm, hans vreide skal råma med brennande hete, hans trugsmål med logande eld;
16
for med eld skal Herren halda dom, og med sverdet sitt slå alt kjøt; og mange vert dei som Herren drep.
17
Dei som helgar og reinsar seg for hagane etter ein som er midt ibland dei, dei som et svinekjøt og ufysne dyr, ja myser, dei skal tynast alle i hop, segjer Herren.
18
Eg, eg gjer deira gjerningar og tankar um inkje, den tid kjem då eg samlar alle folk og tungemål, og dei skal koma og sjå min herlegdom.
19
Eg vil gjera eit teikn millom dei, og nokre av dei som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt tidendi um meg og ikkje hev set min herlegdom; og dei skal kunngjera min herlegdom millom heidningfolki.
20
Og frå alle folkeslagi skal dei koma med alle brørne dykkar til matoffer åt Herren, på hesteryggen, på vogner, i berestolar, på muldyr og på snarføtte kamelar, og føra dei upp på mitt heilage fjell i Jerusalem, segjer Herren, liksom Israels borni kjem med matofferet i reine kjerald til Herrens hus;
21
og jamvel av dei vil eg taka meg ut nokre til prestar, til levitar, segjer Herren.
22
For liksom den nye himmelen og den nye jordi som eg skaper, skal standa æveleg for mi åsyn, segjer Herren, so skal og dykkar ætt og dykkar namn standa æveleg.
23
Kvar månad på nymåne-dagen og kvar vika på sabbaten skal alt kjøt koma og kasta seg ned for mi åsyn, segjer Herren.
24
Og dei skal ganga ut og sjå på liki åt dei menner som hev falle frå meg; for makken deira skal ikkje dauda, og elden deira skal ikkje slokna, og dei skal vera ei gru for alt kjøt.
← Chapter 65
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66