bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 26
Isaiah 26
Norwegian 1938
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 27 →
1
I den tidi skal dei syngja denne songen i Judalandet: Ein sterk by hev me, frelsa set han til mur og vern.
2
Lat upp portane, so eit rettferdigt folk må få ganga inn, eit folk som held fast på sin truskap.
3
Den som er hugfast, han let du alltid hava fred; for på deg lit han.
4
So lit då på Herren allstødt! For i Herren, Israels Gud, hev me eit æveleg berg.
5
For han hev bøygt ned dei som budde i høgdi, byen som ris so høgt; han støytte han ned, ja støytte han til jordi, slo han ned i moldi.
6
Føter trakka honom ned, føter av vesalmenner, fet av armingar.
7
Stigen åt den rettferdige er jamn; du jamnar veg åt den rettferdige.
8
Ja, på dine domars veg venta me deg Herre; etter ditt namn og ditt minne stunda vår sjel.
9
Mi sjel lengta etter deg um natti, og åndi i meg leita etter deg. For straks domane dine råmar jordi, lærer jordbuane rettferd.
10
Fær den ugudlege nåde, so lærer han ikkje rettferd; då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje.
11
Herre, høgt var handi di lyft, men dei såg det ikkje; dei fekk sjå brennhugen din for folket og vart skjemde; ja, eld øydde uvenene dine.
12
Herre, du skal hjelpa oss til fred; for alt det me hev gjort, det gjorde du for oss.
13
Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss; einast ved deg prisar me namnet ditt.
14
Daude livnar ikkje, daudingar stend ikkje upp; difor heimsøkjer og øydelegg du dei og gjer til inkjes kvart minne um dei.
15
Du aukar folket, Herre! Du aukar folket og syner deg herleg; du flyt alle grensone åt landet langt ut.
16
Herre, i naudi søkte dei deg; og sende upp stille bøner då refsingi frå deg kom yver dei.
17
Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i ridene når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre!
18
Me var med barn, me vreid oss; men då me fødde var det berre vind; frelsa gav me ikkje landet, og det vart ikkje født folk til å bu på jordi.
19
Dine daude skal verta levande, mine lik skal standa upp; vakna og fegnast, de som bur i moldi! For dogg yver grøne urter er di dogg; og jordi gjev daudingane attende til livet.
20
Gakk då, mitt folk, inn i kovane dine og lat att dørene etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver!
21
For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuane, for deira misgjerd skuld, og jordi skal syna fram det blod som er utrent på henne, og ikkje meir dylja sine drepne.
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 27 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66