bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 48
Isaiah 48
Norwegian 1938
← Chapter 47
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 49 →
1
Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og prisar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett!
2
For dei kallar seg etter den heilage byen, og dei lit på Israels Gud, han som heiter Herren, allhers Gud.
3
Dei fyrste hendingar hev eg forkynt for lenge sidan, or min munn gjekk dei ut, og eg kunngjorde dei; brått sette eg dei i verk, og dei kom.
4
For di eg visste at du er hard, at nakken din er ei jarnsén, og panna di av kopar,
5
So forkynte eg deg det for lenge sidan, kunngjorde deg det fyrr det kom, so du ikkje skulde segja: Gudebiletet mitt hev gjort det, mitt utskorne eller støypte bilete hev laga det so.
6
Du hev høyrt det; no kann du sjå det alt i hop! Og de, må de ikkje sanna det? No heretter kunngjer eg deg noko nytt, dulde ting, som du ikkje hev visst um.
7
No fyrst er det skapt og ikkje fyrr, og du hadde ikkje høyrt det fyrr i dag, so du ikkje skulde segja: Det visste eg!
8
Du hev korkje høyrt eller visst det eller fyrr fenge øyra upp for det; for eg visste at du er utru og hev heitt «fråfallen» frå morslivet.
9
For mitt namn skuld er eg tolug, og for mi æra skuld tøymer eg meg og sparer deg, so du ikkje skal verta utrudd.
10
Sjå, eg reinsar deg, men ikkje som sylv, eg prøver deg i lidings-omnen.
11
For mi skuld, for mi skuld gjer eg det; for kor skulde eg tola at namnet mitt vert vanhelga? Og mi æra gjev eg ingen annan.
12
Høyr på meg, Jakob, og du Israel, som eg hev kalla! Eg er Gud, eg er den fyrste, og eg er den siste med.
13
Mi hand hev og grunnfest jordi, og mi høgre hand spana himmelen ut; so snart eg kallar på dei, stend dei der båe.
14
Kom saman alle og høyr: Kven av dei hev kunngjort dette? - Han som Herren elskar, skal fullføra hans vilje mot Babel og syna hans makt mot kaldearfolket.
15
Eg, eg hev tala; eg hev og kalla han, eg hev late han koma, og han hev lukka på ferdi.
16
Kom hit til meg, høyr dette! Frå upphavet hev eg ikkje tala i løyndom; frå den tid det kom, då var eg der. Og no hev Herren, Israels Gud, sendt meg og sin Ande.
17
So segjer Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg å gjera det som er deg til gagn, som leider deg på vegen du skal ganga.
18
Å, vilde du lyda på mine bod! Då vart din fred som elvi, og di rettferd som havsens bylgjor;
19
då vart di ætt som sanden, og di livsfrukt som sandkorni; ættenamnet vart aldri utrudt eller utsletta for mi åsyn.
20
Drag ut or Babel, fly frå kaldearane! Forkynn dette, fortel det med fagnadrop, spreid det ut til verdsens ende, seg: Herren hev løyst ut sin tenar, Jakob!
21
Dei tyrstar ikkje; gjenom øydemark fører han dei, vatn or berget let han strøyma åt dei; han kløyver berget, og vatnet renn.
22
Dei ugudlege hev ingen fred, segjer Herren.
← Chapter 47
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 49 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66