bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 7
Isaiah 7
Norwegian 1938
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 8 →
1
I dei dagane då Akas, son åt Jotam og soneson åt Ussias, var konge i Juda, gjorde Resin, kongen i Syria, og Pekah Remaljason, Israels-kongen, ei herferd mot Jerusalem; men han kunde ikkje koma til med noko åtak.
2
Og då det vart meldt til Davids hus at syrarane hadde lægra seg i Efra'im, so skalv hjarta hans og hjarta åt folket hans, liksom tre i skogen skjelv i vinden.
3
Men Herren sa til Esaias: Gakk av stad, du og Sjear Jasjub, son din, og møt Akas ved enden av vassleidingi frå Øvredammen, attmed ålmannvegen til Vaskarvollen,
4
og seg til han: Tak deg vel i vare og hald deg i ro! Ottast ikkje og ver ikkje hugfallen for desse tvo rjukande brand-molane, for blodsinnet åt Resin og Syria og Remaljasonen!
5
Etter di Syria med Efra'im og Remaljasonen hev lagt upp meinråder mot deg og sagt:
6
Me vil fara upp imot Juda og skjota det støkk i bringa og hertaka det og setja Tabe'elssonen til konge der -
7
difor segjer Herren, Israels Gud: Det skal ikkje lukkast, det skal ikkje henda.
8
For hovudet åt Syria er Damaskus, og hovudet åt Damaskus er Resin, og um fem og seksti år skal det vera ute med Efra'im, so det ikkje meir er eit folk.
9
Og Efra'ims hovud er Samaria, og hovudet åt Samaria er Remaljasonen. Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.
10
Og Herren heldt ved og tala til Akas og sa:
11
Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i djupet eller uppe i høgdi!
12
Men Akas svara: Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje freista Herren.
13
Då sa han: So høyr då, du Davids hus: Er det dykk ikkje nok at de møder menneske, sidan de møder min Gud og?
14
So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho kallar han Immanuel.
15
Sur mjølk og honning skal vera maten hans ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode;
16
for innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongane som du fæler for.
17
Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efra'im skilde seg frå Juda - Assur-kongen.
18
I den tidi skal Herren blistra på fluga lengst burte ved elvane i Egyptarland og på bia i Assurlandet;
19
og dei skal koma og slå seg ned alle saman i dei aude dalane og i fjellkluftene og i alle klungerrunnar og på alle beitemarker.
20
I den tidi skal Herren med ein rakekniv som er tinga på hi sida av elvi, med Assur-kongen, raka av alt hår både ovantil og nedantil; jamvel skjegget skal han skrapa av.
21
I den tidi skal ein mann halda ei kviga og tvo sauer;
22
men han skal få so mykje mjølk at han kann leva av surmjølk; for alle som finst att i landet, skal leva av sur mjølk og honning.
23
Og det skal verta soleis i den tidi at der det no stend tusund vintre, som er verde tusund sekel sylv, der skal det berre veksa torn og tistel alle stader.
24
Med pil og boge skal ein ganga dit; for alt landet skal verta til torn og tistel.
25
Og alle dei lider der dei no brukar hakka, skal ingen meir setja sin fot i av otte for torn og tistel; dei skal vera hamnegangar åt uksar, og utmark som vert nedtrakka av sauer.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66