bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Isaiah 40
Isaiah 40
Norwegian 1938
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 41 →
1
Trøysta, trøysta mitt folk, segjer dykkar Gud.
2
Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skuldi hennar er kvitta, at ho hev fenge av Herrens hand tvifelt for alle sine synder.
3
Høyr! Det er ein som ropar: Bryt i heidi veg for Herren! Jamna til i øydemarki gata for vår Gud!
4
Kvar ein dal skal hevjast, kvart fjell og kvar haug skal ægjast, bakkut land skal verta slett, og hamrane verta til flatland.
5
Herrens herlegdom skal te seg, og alt kjøt skal få sjå det, for Herrens munn hev tala.
6
Høyr! Det er ein som segjer: Ropa! Og ein annan svarar: Kva skal eg ropa? - Alt kjøt er gras, og all dess herlegdom som blom på marki.
7
Graset turkar burt, blomen visnar når Herrens ande blæs på det; ja, i sanning, folk er gras.
8
Graset turkar burt, blomen visnar, men ordet frå vår Gud stend æveleg ved lag.
9
Stig upp på høge fjellet, du Sion, fagnadbod! Lat røysti ljoma sterkt, Jerusalem, du gledebod! Lat ljoma, reddast ikkje! Seg det til Judas byar: Sjå, der er dykkar Gud!
10
Sjå, Herren, Israels Gud, kjem med velde, og hans arm råder; si løn fører han med seg, og hans vederlag gjeng fyre han.
11
Som ein hyrding skal han gjæta sin buskap; han skal sanka lambi i armen og bera dei ved barmen, og lambsauene skal han leida.
12
Kven hev mælt vatnet i sin love og spanna yver himmelen og samla jordmoldi i skjeppa og vege fjell på vekt og haugane i vektskåler?
13
Kven hev mælt Herrens Ande, og kven gjev han råd og lærdom?
14
Kven samrådde han seg med, so han gav han skyn og lærde han rette vegen og gav han kunnskap og viste han vegen til visdom?
15
Nei, folki er som ein drope på eit spann, dei er rekna som dust i ei vektskål; øylandi er som det fjomet han føykjer.
16
Libanon er for lite til ved, og dyri der er ikkje nok til brennoffer.
17
Som inkje er alle folki for han, han reknar dei for tome inkjevetta.
18
Kven vil de då likna Gud med? Kva bilete vil det setja ved sida?
19
Gudebiletet, det støyper meisteren, og gullsmeden gyller det og støyper sylvkjedor til det.
20
Den som ikkje hev råd til slik ei gåva, han vel seg tre som ikkje morknar; han leitar upp ein kunnig meister til å laga eit bilete som stend stødt.
21
Skynar de ikkje? Høyrer de ikkje? Er det ikkje kunngjort dykk frå fyrste stund? Hev de ikkje skyna grunnvollane åt jordi?
22
Det er då han som sit høgt yver jordkringen, og dei som der bur, er som grashoppar; det var han som breidde ut himmelen som ein florduk og spana han ut som eit tjeld til å bu i;
23
hovdingar gjer han til ingen ting, domarane på jordi til inkjevetta;
24
knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt hev stomnen deira røtt seg i jordi, fyrr han andar på dei, og dei turkast upp, og ein storm føykjer dei burt som strå.
25
Kven vil de då likna meg med, so eg skulde likjast han? segjer den Heilage.
26
Lyft dykkar augo mot høgdi og sjå: Kven hev skapt alle desse? Det er han som fører heren deira ut i fastsett tal, som nemner dei alle på namn; so stor er hans kraft, so veldig hans styrke at det vantar ikkje ein.
27
Kvifor vil du segja, Jakob, og tala so, Israel: Min veg er løynd for Herren, og min rett kjem burt for min Gud?
28
Veit du det ikkje, eller hev du ikkje høyrt det? Herren er ein æveleg Gud, han hev skapt den vide verdi; han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mod; hans vit kann ingen grunda ut.
29
Han gjev den trøytte kraft, og den maktlause gjev han stor styrke.
30
Gutar vert trøytte og mode, og unge karar lyt snåva.
31
Men dei som ventar på Herren, fær ny kraft; lyfter vengene som ørnar; dei spring og trøytnar ikkje, dei gjeng og mødest ikkje.
← Chapter 39
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 41 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66