bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Psalms 119
Psalms 119
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 118
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 67
Chapter 68
Chapter 69
Chapter 70
Chapter 71
Chapter 72
Chapter 73
Chapter 74
Chapter 75
Chapter 76
Chapter 77
Chapter 78
Chapter 79
Chapter 80
Chapter 81
Chapter 82
Chapter 83
Chapter 84
Chapter 85
Chapter 86
Chapter 87
Chapter 88
Chapter 89
Chapter 90
Chapter 91
Chapter 92
Chapter 93
Chapter 94
Chapter 95
Chapter 96
Chapter 97
Chapter 98
Chapter 99
Chapter 100
Chapter 101
Chapter 102
Chapter 103
Chapter 104
Chapter 105
Chapter 106
Chapter 107
Chapter 108
Chapter 109
Chapter 110
Chapter 111
Chapter 112
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Chapter 116
Chapter 117
Chapter 118
Chapter 119
Chapter 120
Chapter 121
Chapter 122
Chapter 123
Chapter 124
Chapter 125
Chapter 126
Chapter 127
Chapter 128
Chapter 129
Chapter 130
Chapter 131
Chapter 132
Chapter 133
Chapter 134
Chapter 135
Chapter 136
Chapter 137
Chapter 138
Chapter 139
Chapter 140
Chapter 141
Chapter 142
Chapter 143
Chapter 144
Chapter 145
Chapter 146
Chapter 147
Chapter 148
Chapter 149
Chapter 150
Chapter 120 →
1
Alef א [1] Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer HERRENS lov.
2
Sæle er dei som tek vare på hans lovbod, som søkjer han av heile sitt hjarte.
3
Dei gjer ikkje urett, men går på hans vegar.
4
Du har gjeve dine påbod for at dei skal haldast nøye.
5
Lat meg ferdast med faste steg så eg held dine forskrifter!
6
Då blir eg ikkje til skamme når eg har alle dine bod for auge.
7
Eg prisar deg av eit ærleg hjarte når eg lærer dine rettferdige lover.
8
Eg vil halda dine forskrifter, du må ikkje svikta meg! Bet ב
9
Korleis held den unge stigen sin rein? Ved å akta på dine ord.
10
Eg søkjer deg av heile mitt hjarte, lat meg ikkje villast bort frå dine bod!
11
Eg gøymer ditt ord i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg.
12
Velsigna er du, HERRE! Lær meg dine forskrifter!
13
Leppene mine reknar opp alle lovene frå din munn.
14
Dine lovbod viser meg veg, dei gjev like stor glede som all rikdom.
15
Eg vil grunda på dine påbod, festa blikket på dine stigar.
16
Eg frydar meg over dine forskrifter, eg gløymer ikkje dine ord. Gimel ג
17
Gjer godt mot din tenar, eg vil leva og akta på dine ord.
18
Lat opp auga mine så eg kan sjå det underfulle i di lov!
19
Eg er ein framand på jorda, løyn ikkje boda dine for meg!
20
Eg fortærest dag og natt av lengt etter dine lover.
21
Du refsar dei frekke og bannstøytte, som villar seg bort frå dine bod.
22
Ta spott og forakt bort frå meg, for eg tek vare på dine lovbod.
23
Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg, grundar din tenar på dine forskrifter.
24
Ja, eg frydar meg over dine lovbod, det er dei som gjev meg råd. Dalet ד
25
Eg ligg pressa mot støvet. Gjev meg liv slik du har sagt!
26
Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg. Lær meg dine forskrifter!
27
Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser! Eg vil grunda på dine under.
28
Mi sjel græt av sorg. Reis meg opp slik du har sagt!
29
Hald løgns veg borte frå meg, gjev meg i nåde di lov!
30
Eg har valt truskaps veg, dine lover har eg for auge.
31
Eg held fast på dine lovbod. HERRE, lat meg ikkje bli til skamme!
32
Eg vil springa den vegen dine bod viser, for du gjer mitt hjarte stort. He ה
33
HERRE, lær meg den vegen dine forskrifter viser, så vil eg alltid ta vare på han!
34
Gjev meg vit til å ta vare på di lov og halda henne av heile mitt hjarte!
35
Lei meg på den stigen boda dine viser, for han gjev meg glede.
36
Bøy mitt hjarte mot dine lovbod og ikkje mot eiga vinning!
37
Vend blikket mitt bort frå det som er tomt, gjev meg liv på din veg!
38
Lat ditt ord til din tenar stå fast så eg kan frykta deg.
39
Ta bort spotten eg fryktar, for dine lover er gode!
40
Sjå, eg lengtar etter dine påbod, gjev meg liv ved di rettferd! Waw ו
41
HERRE, lat di miskunn koma til meg, og di frelse, slik du har sagt!
42
Då kan eg gje spottaren svar, for eg lit på ditt ord.
43
Riv ikkje sanningsordet ut or min munn, for eg ventar på dine lover.
44
Då vil eg stadig halda di lov, for evig og alltid.
45
Lat meg ferdast i ope land, for eg spør etter dine påbod!
46
Eg vil tala for kongar om dine lovbod, og eg skal ikkje bli til skamme.
47
Eg frydar meg over dine bod, dei som eg elskar.
48
Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar, og grundar på dine forskrifter. Zajin ז
49
Kom i hug ditt ord til din tenar. Gjennom det har du gjeve meg von.
50
Det er mi trøyst i nauda at ditt ord gjev meg liv.
51
Dei frekke håner meg grovt, men eg har ikkje bøygd av frå di lov.
52
Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid, HERRE, då finn eg trøyst.
53
Eg blir gripen av harme over dei lovlause, dei som går bort frå di lov.
54
Dine forskrifter er mine songar kvar eg enn held til.
55
HERRE, eg kjem i hug namnet ditt om natta, og eg held di lov.
56
Slik er det med meg, for eg tek vare på dine påbod. Het ח
57
HERREN er min arvedel, eg lovar å halda dine ord.
58
Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet. Ver meg nådig slik du har sagt!
59
Eg har tenkt over mine vegar, eg vil venda attende til dine lovbod.
60
Eg skundar meg, eg dryger ikkje med å halda dine bod.
61
Dei lovlauses band slyngjer seg om meg, men eg gløymer ikkje di lov.
62
Midt på natta står eg opp og prisar deg for dine rettferdige lover.
63
Eg er ven med alle som fryktar deg, med dei som held dine påbod.
64
HERRE, jorda er full av di miskunn. Lær meg dine forskrifter! Tet ט
65
HERRE, du gjer vel mot din tenar slik som du har sagt.
66
Gjev meg kunnskap og godt vit, eg stolar på dine bod!
67
Før eg vart audmjuka, var eg på villspor, no held eg det du har sagt.
68
Du er god, og det du gjer, er godt. Lær meg dine forskrifter!
69
Dei frekke svertar meg med løgn, eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.
70
Deira hjarte er sløvt av feitt, men eg frydar meg over di lov.
71
Det var godt for meg å bli audmjuka så eg kunne læra dine forskrifter.
72
Lova frå din munn er betre for meg enn mengder av gull og sølv. Jod י
73
Dine hender har skapt meg og halde meg oppe. Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!
74
Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade, for eg ventar på ditt ord.
75
HERRE, eg veit at lovene dine er rette, at du var trufast då du audmjuka meg.
76
Lat di miskunn vera mi trøyst slik du har sagt til din tenar!
77
Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva, for eg frydar meg over di lov.
78
Lat dei frekke bli til skamme, dei som krenkjer meg med løgn. Eg grundar på dine påbod.
79
Lat dei som fryktar deg, koma tilbake, lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg.
80
Lat meg følgja dine forskrifter med heilt hjarte så eg ikkje blir til skamme. Kaf כ
81
Eg tærest bort av lengsel etter di frelse, eg ventar på ditt ord.
82
Auga sloknar, eg ventar på dine ord, eg spør: «Når vil du trøysta meg?»
83
Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk, likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.
84
Kor mange dagar har din tenar att? Når vil du fella dom over dei som jagar meg?
85
Dei frekke grev fallgraver for meg i strid med di lov.
86
Pålitelege er alle dine bod. Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.
87
Dei har mest gjort ende på meg her på jorda, men eg forlèt ikkje dine påbod.
88
Gjev meg liv i di miskunn, så vil eg halda lovbodet frå din munn. Lamed ל
89
I all æve, HERRE, står ditt ord fast i himmelen.
90
Din truskap varer frå slekt til slekt, du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.
91
Etter dine lover står dei til denne dag, for alle ting må tena deg.
92
Om eg ikkje frydar meg over di lov, går eg til grunne i mi naud.
93
Eg gløymer aldri dine påbod, ved dei gjev du meg liv.
94
Frels meg, for eg er din! Eg spør etter dine påbod.
95
Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg, eg tenkjer på dine lovbod.
96
Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense, men ditt bod når uendeleg vidt. Mem מ
97
Kor eg elskar di lov! Eg grundar på henne heile dagen.
98
Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar. Det er alltid hos meg.
99
Eg skjønar meir enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine lovbod.
100
Eg har meir innsikt enn dei gamle, for eg tek vare på dine påbod.
101
Eg held føtene borte frå vonde vegar så eg kan akta på ditt ord.
102
Eg vik ikkje frå dine lover, for du rettleier meg.
103
Kor søte dine ord er for ganen, betre enn honning i munnen.
104
Eg får innsikt av dine påbod, difor hatar eg falske vegar. Nun נ
105
Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.
106
Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover.
107
Eg er djupt nedbøygd. HERRE, gjev meg liv slik du har sagt!
108
HERRE, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover!
109
Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov.
110
Dei lovlause sette ei snare for meg, men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.
111
Dine lovbod er min eigedom for alltid, dei gleder mitt hjarte.
112
Eg bøyer hjartet mot dine forskrifter for alltid, til evig tid. Samek ס
113
Eg hatar dei som har eit delt hjarte, men eg elskar di lov.
114
Du er mitt vern og mitt skjold, eg ventar på ditt ord.
115
Vik frå meg, valdsmenn! Eg vil ta vare på boda frå min Gud.
116
Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva. Lat ikkje mi von bli til skamme!
117
Støtt meg så eg blir berga og alltid har dine forskrifter for auge.
118
Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du, for dei fer med svik og løgn.
119
Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg, difor elskar eg dine lovbod.
120
Kroppen skjelv av redsle for deg, eg fryktar dine lover. Ajin ע
121
Eg har gjort det som er rett og rettferdig. Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!
122
Gå god for din tenar så det går han vel. Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!
123
Auga sloknar, eg ventar på di frelse og på ditt rettferdige ord.
124
Vis miskunn mot din tenar, lær meg dine forskrifter!
125
Eg er din tenar, gjev meg skjøn så eg kan kjenna dine lovbod!
126
Det er tid for å gripa inn, HERRE, for dei har brote di lov.
127
Difor elskar eg dine bod meir enn gull, ja, skinande gull.
128
Difor retter eg meg etter alle dine påbod, eg hatar alle falske vegar. Pe פ
129
Underfulle er dine lovbod, difor tek eg vare på dei.
130
Dine ord gjev lys når dei opnar seg, dei gjev uvitande skjøn.
131
Med lengsel opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod.
132
Vend deg til meg og ver meg nådig! Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.
133
Gjer mine steg faste slik du har sagt, lat ingen urett få makt over meg!
134
Fri meg frå dei som bruker vald, så vil eg halda dine påbod!
135
Lat ditt andlet lysa over din tenar, lær meg dine forskrifter!
136
Tårene strøymer frå auga mine på grunn av dei som ikkje held di lov. Tsade צ
137
Du er rettferdig, HERRE, dine lover er rette.
138
Du gjev dine lovbod i rettferd og i din store truskap.
139
Min brennande iver gjer ende på meg, for motstandarane mine har gløymt dine ord.
140
Ditt ord er prøvd med eld, tenaren din elskar det.
141
Eg er ung og forakta, men eg gløymer ikkje dine påbod.
142
Di rettferd er alltid rett, di lov er sanning.
143
Naud og trengsle har kome over meg, men eg frydar meg over dine bod.
144
Dine lovbod er alltid rette. Gjev meg skjøn så eg kan leva! Qof ק
145
Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, HERRE! Dine forskrifter vil eg ta vare på.
146
Eg ropar til deg, frels meg så eg kan halda dine lovbod!
147
Før morgonen renn, ropar eg. Eg ventar på ditt ord.
148
Med auga opne går eg inn i kvar nattevakt for å grunda på ditt ord.
149
Høyr meg i di miskunn, HERRE, gjev meg liv etter dine lover!
150
Dei som skamlaust jagar meg, er nær, dei er langt borte frå di lov.
151
HERRE, du er nær, alle dine bod er sanning.
152
Av dine lovbod har eg lenge skjøna at du har grunnlagt dei for evig. Resj ר
153
Sjå mi naud og fri meg ut! For eg har ikkje gløymt di lov.
154
Før mi sak og kjøp meg fri, gjev meg liv etter ditt ord!
155
For dei lovlause er hjelpa langt borte, dei spør ikkje etter dine forskrifter.
156
HERRE, di miskunn er stor, gjev meg liv etter dine lover!
157
Det er mange som jagar meg og står meg imot, men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.
158
Eg ser dei trulause og kjenner avsky, dei tek ikkje vare på ditt ord.
159
Sjå, eg elskar dine påbod! HERRE, gjev meg liv i di miskunn!
160
Summen av ditt ord er sanning, dine rettferdige lover varer evig. Sjin ש
161
Stormenn jagar meg utan grunn, men i hjartet fryktar eg ditt ord.
162
Eg gleder meg over ditt ord lik ein som vinn stort krigsbytte.
163
Eg hatar og avskyr løgn, men eg elskar di lov.
164
Sju gonger om dagen lovsyng eg deg for dine rettferdige lover.
165
Stor fred har dei som elskar di lov, ingen ting får dei til å snubla.
166
HERRE, eg ventar på di frelse, eg følgjer dine bod.
167
Eg tek vare på dine lovbod, og eg elskar dei høgt.
168
Eg har halde dine bod og påbod, du kjenner alle mine vegar. Taw ת
169
HERRE, lat ropet mitt nå fram til deg, gjev meg skjøn etter ditt ord!
170
Lat mi bøn koma fram for deg, berg meg, som du har sagt!
171
Lat leppene strøyma over av lovsong, for du lærer meg dine forskrifter.
172
Lat tunga syngja ut ditt ord, for alle dine bod er rettferdige.
173
Lat di hand koma meg til hjelp, for eg har valt dine påbod.
174
HERRE, eg lengtar etter di frelse, eg frydar meg over di lov.
175
Lat meg leva og lovsyngja deg, lat dine lover vera mi hjelp!
176
Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau. Leit etter meg, din tenar, eg har ikkje gløymt dine bod.
← Chapter 118
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 67
Chapter 68
Chapter 69
Chapter 70
Chapter 71
Chapter 72
Chapter 73
Chapter 74
Chapter 75
Chapter 76
Chapter 77
Chapter 78
Chapter 79
Chapter 80
Chapter 81
Chapter 82
Chapter 83
Chapter 84
Chapter 85
Chapter 86
Chapter 87
Chapter 88
Chapter 89
Chapter 90
Chapter 91
Chapter 92
Chapter 93
Chapter 94
Chapter 95
Chapter 96
Chapter 97
Chapter 98
Chapter 99
Chapter 100
Chapter 101
Chapter 102
Chapter 103
Chapter 104
Chapter 105
Chapter 106
Chapter 107
Chapter 108
Chapter 109
Chapter 110
Chapter 111
Chapter 112
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Chapter 116
Chapter 117
Chapter 118
Chapter 119
Chapter 120
Chapter 121
Chapter 122
Chapter 123
Chapter 124
Chapter 125
Chapter 126
Chapter 127
Chapter 128
Chapter 129
Chapter 130
Chapter 131
Chapter 132
Chapter 133
Chapter 134
Chapter 135
Chapter 136
Chapter 137
Chapter 138
Chapter 139
Chapter 140
Chapter 141
Chapter 142
Chapter 143
Chapter 144
Chapter 145
Chapter 146
Chapter 147
Chapter 148
Chapter 149
Chapter 150
Chapter 120 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
67
68
69
70
71
72
73
74
75
76
77
78
79
80
81
82
83
84
85
86
87
88
89
90
91
92
93
94
95
96
97
98
99
100
101
102
103
104
105
106
107
108
109
110
111
112
113
114
115
116
117
118
119
120
121
122
123
124
125
126
127
128
129
130
131
132
133
134
135
136
137
138
139
140
141
142
143
144
145
146
147
148
149
150