bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Psalms 89
Psalms 89
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 88
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 67
Chapter 68
Chapter 69
Chapter 70
Chapter 71
Chapter 72
Chapter 73
Chapter 74
Chapter 75
Chapter 76
Chapter 77
Chapter 78
Chapter 79
Chapter 80
Chapter 81
Chapter 82
Chapter 83
Chapter 84
Chapter 85
Chapter 86
Chapter 87
Chapter 88
Chapter 89
Chapter 90
Chapter 91
Chapter 92
Chapter 93
Chapter 94
Chapter 95
Chapter 96
Chapter 97
Chapter 98
Chapter 99
Chapter 100
Chapter 101
Chapter 102
Chapter 103
Chapter 104
Chapter 105
Chapter 106
Chapter 107
Chapter 108
Chapter 109
Chapter 110
Chapter 111
Chapter 112
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Chapter 116
Chapter 117
Chapter 118
Chapter 119
Chapter 120
Chapter 121
Chapter 122
Chapter 123
Chapter 124
Chapter 125
Chapter 126
Chapter 127
Chapter 128
Chapter 129
Chapter 130
Chapter 131
Chapter 132
Chapter 133
Chapter 134
Chapter 135
Chapter 136
Chapter 137
Chapter 138
Chapter 139
Chapter 140
Chapter 141
Chapter 142
Chapter 143
Chapter 144
Chapter 145
Chapter 146
Chapter 147
Chapter 148
Chapter 149
Chapter 150
Chapter 90 →
1
Ein læresalme av esrahitten Etan.
2
Eg vil alltid syngja om HERRENS miskunn, frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.
3
Eg seier: Miskunn blir bygd for evig, din truskap er grunnfest i himmelen.
4
«Eg gjorde ei pakt med min utvalde, svor ein eid til David, min tenar:
5
Eg grunnfester di ætt til evig tid; eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.» Sela
6
Himmelen prisar dine under, HERRE, forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.
7
For kven i skyene er HERRENS like, kven mellom gudesøner er som HERREN,
8
ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage, meir verd å frykta enn alle som omgjev han?
9
Kven er som du, Gud HERRE Sebaot? Mektig er du, HERRE, omgjeven av din truskap.
10
Du herskar over det hovmodige havet, når bølgjene reiser seg, stiller du dei.
11
Det var du som slo Rahab i hel, du spreidde dine fiendar med din mektige arm.
12
Din er himmelen, og di er jorda, du har grunnlagt verda og alt som fyller henne.
13
Du skapte nord og sør, Tabor og Hermon jublar over ditt namn.
14
Din arm er mektig, di hand er sterk, høgre arm er lyft.
15
Rettferd og rett er grunnvoll for di trone, miskunn og sanning kjem fram for deg.
16
Sælt er det folket som kan ropa av jubel. Dei ferdast i lyset frå ditt andlet, HERRE.
17
Heile dagen jublar dei over ditt namn, dei triumferer ved di rettferd.
18
Du er deira styrke og prakt, ved din godvilje får vi kraft.
19
Skjoldet vårt høyrer HERREN til, kongen vår høyrer Israels Heilage til.
20
Den gong tala du i eit syn til dine trugne: «Eg set ein helt til å hjelpa, reiser opp ein utvald frå folket.
21
Eg fann David, min tenar, eg salva han med mi heilage olje.
22
Mi hand skal alltid vera hos han, min arm skal gje han styrke.
23
Fienden skal ikkje plaga han, vonde menneske skal ikkje kua han.
24
Eg knuser motstandarar framfor han, dei som hatar han, slår eg ned.
25
Min truskap og mi miskunn skal vera hos han, i mitt namn skal han få kraft.
26
Eg legg havet under hans hand, elvane under hans høgre arm.
27
Han skal ropa til meg: ‘Du er min far, min Gud, mitt berg som frelser meg!’
28
Ja, min førstefødde skal han vera, den høgste mellom kongane på jord.
29
Eg skal alltid gjera godt mot han, mi pakt med han står fast.
30
Hans ætt held eg oppe til evig tid, hans trone så lenge himmelen er til.
31
Dersom sønene hans går bort frå mi lov og ikkje følgjer mine bod,
32
dersom dei vanhelgar mine forskrifter og ikkje held mine påbod,
33
då straffar eg deira brot med stokk, deira synd med slag.
34
Men eg skal ikkje ta mi miskunn frå han og ikkje svikta min truskap.
35
Eg vil ikkje vanhelga mi pakt, ikkje endra orda frå min munn.
36
Éin gong for alle har eg svore: Så sant eg er heilag, eg vil aldri lyga for David.
37
Hans ætt skal vara til evig tid, hans trone skal stå som sola framfor meg.
38
Ho skal stå fast for evig som månen, det trufaste vitnet i skya.» Sela
39
Men du har støytt bort den du har salva, du vraka han og vart harm på han.
40
Du har gjort om inkje pakta med din tenar, vanhelga hans krone i støvet.
41
Du har rive ned alle hans murar, lagt borgene hans i grus.
42
Dei plyndrar han, alle som fer framom, han har vorte til spott for sine grannar.
43
Du gjev motstandarane siger og gjer alle hans fiendar glade.
44
Hans kvasse sverd har du trekt tilbake, du heldt han ikkje oppe i striden.
45
Du har gjort ende på hans glans og slengt trona hans til jorda.
46
Du har korta hans ungdoms dagar og sveipt han i skam. Sela
47
Kor lenge, HERRE? Vil du løyna deg for alltid? Kor lenge skal din harme brenna som eld?
48
Kom i hug at livet mitt er kort! Var det fåfengt at du skapte alle menneske?
49
Kven lever utan å sjå døden, kven bergar livet frå dødsrikets vald? Sela
50
Herre, kvar er di miskunn som du viste oss før, den du svor David i din truskap?
51
Herre, kom i hug spotten mot dine tenarar, den eg har fått i fanget frå mange folk.
52
For dine fiendar spottar, HERRE, dei spottar den du har salva, kvar han går.
53
Velsigna er HERREN til evig tid! Amen! Ja, amen!
← Chapter 88
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 67
Chapter 68
Chapter 69
Chapter 70
Chapter 71
Chapter 72
Chapter 73
Chapter 74
Chapter 75
Chapter 76
Chapter 77
Chapter 78
Chapter 79
Chapter 80
Chapter 81
Chapter 82
Chapter 83
Chapter 84
Chapter 85
Chapter 86
Chapter 87
Chapter 88
Chapter 89
Chapter 90
Chapter 91
Chapter 92
Chapter 93
Chapter 94
Chapter 95
Chapter 96
Chapter 97
Chapter 98
Chapter 99
Chapter 100
Chapter 101
Chapter 102
Chapter 103
Chapter 104
Chapter 105
Chapter 106
Chapter 107
Chapter 108
Chapter 109
Chapter 110
Chapter 111
Chapter 112
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Chapter 116
Chapter 117
Chapter 118
Chapter 119
Chapter 120
Chapter 121
Chapter 122
Chapter 123
Chapter 124
Chapter 125
Chapter 126
Chapter 127
Chapter 128
Chapter 129
Chapter 130
Chapter 131
Chapter 132
Chapter 133
Chapter 134
Chapter 135
Chapter 136
Chapter 137
Chapter 138
Chapter 139
Chapter 140
Chapter 141
Chapter 142
Chapter 143
Chapter 144
Chapter 145
Chapter 146
Chapter 147
Chapter 148
Chapter 149
Chapter 150
Chapter 90 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
67
68
69
70
71
72
73
74
75
76
77
78
79
80
81
82
83
84
85
86
87
88
89
90
91
92
93
94
95
96
97
98
99
100
101
102
103
104
105
106
107
108
109
110
111
112
113
114
115
116
117
118
119
120
121
122
123
124
125
126
127
128
129
130
131
132
133
134
135
136
137
138
139
140
141
142
143
144
145
146
147
148
149
150