bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 1
Job 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 2 →
1
I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann, som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var.
2
Job fekk sju søner og tre døtrer.
3
Han åtte sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Ei mengd med trælar hadde han òg. Han var den mektigaste mannen i landet der aust.
4
Sønene til Job hadde for skikk å halda gjestebod på omgang hjå kvarandre. Då sende dei bod til dei tre systrene sine og bad dei koma og eta og drikka saman med dei.
5
Når så ein omgang med gjestebodsdagar var til ende, sende Job bod etter dei og gjorde soning for dei. Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: «Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta.» Dette gjorde Job kvar gong.
6
Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.
7
«Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan.
8
Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.»
9
Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud?
10
Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet.
11
Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»
12
Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.
13
Ein dag medan sønene og døtrene sat og åt og drakk vin heime hjå den eldste broren,
14
kom det ein bodberar til Job og sa: «Best oksane gjekk for plogen, og eselhoppene beitte tett attmed,
15
kom det nokre sabearar og tok dei, og gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»
16
Medan han endå tala, kom ein annan og sa: «Guds eld fór ned frå himmelen, råka både sauene og gutane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»
17
Medan han endå tala, kom den tredje og sa: «Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»
18
Medan han endå tala, kom den fjerde og sa: «Sønene og døtrene dine sat og åt og drakk heime hjå den eldste broren.
19
Då kom det brått ein sterk storm borte frå øydemarka. Han tok tak i alle fire novene på huset, så det seig i hop over ungdomane og drap dei. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»
20
Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klypte av seg håret. Han kasta seg ned, bøygde seg med andletet mot jorda
21
og sa: «Naken kom eg frå mors liv, naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok, Herrens namn vere lova!»
22
Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job og kom ikkje med eit vondt ord mot Gud.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42