bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 33
Job 33
Norwegian N 78 NN
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 34 →
1
Men høyr på det eg seier, ¬Job, lyd på alle mine ord!
2
Sjå, eg opnar min munn, eg vil bruka mål og mæle.
3
Eg talar av eit ærleg hjarta, eg seier beint fram det eg veit.
4
Det er Guds Ande ¬som har skapt meg, anden frå Den Allmektige ¬held meg i live.
5
Dersom du kan, ¬så gjev meg svar! Stå opp og legg fram di sak!
6
Sjå, for Gud er vi begge like, eg òg er laga av leire.
7
Du treng ikkje skjelva ¬av redsle for meg, mi hand skal ikkje ¬kvila tungt på deg.
8
Du sa då så eg høyrde det, – klårt fekk eg tak i orda:
9
«Eg er rein og utan synd, lytelaus er eg, fri for skuld.
10
Men Gud finn noko å seia ¬på meg, han held meg for sin fiende.
11
Han set mine føter i blokka og vaktar meg kvar eg går.»
12
Nei, til det vil eg svara: «Dette har du ikkje rett i, for Gud er større ¬enn menneske.»
13
Kvifor fører du ¬dette klagemålet mot han: «Han svarar ikkje ¬kva eg så seier.»
14
Gud talar ein gong, ¬ja ein gong til, men folk bryr seg ikkje om det.
15
I draumar og syner om natta, når menneske fell i tung svevn, eller når dei ligg og blundar,
16
då opnar han øyro deira og åtvarar dei ¬på skræmande vis.
17
Han vil få mannen bort ¬frå hans udåd og rydja hovmodet ut hjå han.
18
Han vil spara han for å gå i grav og berga livet hans frå spyd.
19
Mennesket vert tukta med liding på si lege; det er ein stendig strid ¬i hans lemer.
20
Maten byd han imot, han har ikkje hug på den gjævaste kost.
21
Hans hold tærest bort, ¬ein kan ikkje sjå det; det finst ikkje kjøt på hans bein, dei som ikkje var synlege før.
22
Han er komen grava nær, hans liv møter dødens englar.
23
Er det då ein engel attmed han, ein einaste talsmann ¬mellom tusen, som kan seia han ¬kva han skal gjera,
24
så er han nådig mot han ¬og seier: «Fri han frå å fara ned i grava! Eg har fått løysepengar ¬for han.»
25
No vert kroppen sterk ¬som då han var ung, atter vert han ¬som i ungdoms dagar.
26
Han bed til Gud, ¬som har godvilje for han, med jubel får han sjå ¬Guds åsyn, og ‘han‘ lèt mannen få att ¬si rettferd.
27
Han syng ¬så menneska høyrer det: «Eg hadde synda ¬og krenkt retten, men han gav meg ikkje lika ¬for det.
28
Han fria meg frå å gå i grav, no får eg leva og sjå ljoset.»
29
Sjå, alt dette gjer Gud ¬for mannen både to og tre gonger.
30
Han fører han opp or grava, så han får sjå ljoset ¬i landet åt dei levande.
31
Høyr etter, Job, og lyd på meg! Ver still, så eg får tala.
32
Har du noko å seia, så svar meg! Tal, for eg vil gjerne gje deg rett.
33
Og har du ikkje, ¬så høyr på meg! Ver still, ¬så skal eg læra deg visdom.
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 34 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42