bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 38
Job 38
Norwegian N 78 NN
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 39 →
1
Då svara Herren Job or stormen:
2
Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklår med uvituge ord?
3
Spenn beltet om livet ¬som ein mann! Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg.
4
Kvar var du ¬då eg grunnla jorda? Sei fram, om du har skjøn!
5
Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel? Kven spente mælesnor ut ¬over henne?
6
Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned, og kven la hennar hjørnestein,
7
medan alle morgonstjerner ¬jubla, og alle Guds søner ¬ropa av fryd?
8
Kven stengde for havet ¬med portar, då det braut skummande fram ¬frå djupet,
9
den gong eg kledde det ¬med skyer og sveipte det i mørke skodda,
10
den gong eg sette grense for det og stengde med bom og dører?
11
Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger, her skal dei stogga, ¬dine byrge bylgjer.
12
Har du nokon gong ¬kalla morgonen fram og synt morgonroden hans stad,
13
så han tek tak i endane av jorda og rister dei gudlause av?
14
Då tek ho form ¬som leira under seglet, og alt syner seg ¬som i nytt skrud.
15
Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde, og armen dei lyfte, vert knust.
16
Har du nått fram ¬til havsens kjelder og ferdast på botnen ¬av det store djup?
17
Har dødens portar ¬vist seg for deg, har du sett dørene ¬til den kolmørke staden?
18
Har du skoda ut ¬over viddene på jorda? Sei frå om du kjenner alt dette.
19
Kvar går vegen ¬til bustaden åt ljoset, og kvar held mørkret til?
20
Så ta dei med til deira heimstad, du kjenner stigane til deira hus.
21
Du veit det ¬om du har levt så lenge at du var til då dei vart skapte.
22
Har du vore ¬der snøen kjem ifrå, har du sett staden ¬der haglet ligg?
23
Eg har spart dei til trengselstida, til det kjem ein dag ¬med kamp og krig.
24
Korleis kjem ein dit ¬der ljoset deler seg, og der austavinden ¬breier seg over jorda?
25
Kven laga renner ¬for det fløymande vatnet, og kven brøytte veg ¬for tore og lyn,
26
så det regnde ¬over folketomt land, over øydemark der ingen bur,
27
så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn, og graset grodde or grunnen?
28
Har regnet ein far? Og kven har avla doggdropane?
29
Kva morsliv kjem vel isen frå, kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,
30
når vatnet frys og vert som stein og flata ¬på havdjupet ligg under is?
31
Kan du knyta Sjustjerne-bandet eller løysa Orions lekkjer?
32
Kan du få kveldsstjerna fram ¬i rette tid, eller leia Løva og hennar ungar?
33
Kjenner du lovene ¬som rår på stjernehimmelen? Fastset du hans velde ¬over jorda?
34
Kan du lyfta di røyst til skyene, så vatnet fløymer ned over deg?
35
Kan du senda ut lyn, ¬så dei fer av stad og seier til deg: «Her er vi»?
36
Kven har gjeve ibisen visdom, kven har late hanen få vit?
37
Kven er så klok ¬at han kan telja skyer, og kven tømer vatn ¬or himmel-kara,
38
når jorda hardnar og fastnar, og molda klumpar seg saman?
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42