bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 22
Job 22
Norwegian N 78 NN
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 23 →
1
Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2
Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud? Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv.
3
Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd, har han vinning ¬av at du er heil i di ferd?
4
Er det di gudsfrykt ¬han refser deg for når han fører klagemål ¬mot deg?
5
Er ikkje din vondskap stor og dine misgjerningar ¬utan ende?
6
Du panta brørne dine ¬utan grunn, drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne.
7
Den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne lét du ikkje få brød.
8
Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt, og berre storfolk skal bu der!
9
Du sende enkjer ¬tomhendte bort og nekta å hjelpa farlause born.
10
Difor er snarer sette ikring deg, brått vert du gripen av redsle.
11
Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå, ein vassflaum skyl over deg.
12
Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen? Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er!
13
Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud? Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen?
14
Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjå der han vandrar ¬utmed himmelranda.»
15
Vil du fylgja den gamle stigen som ugjerningsmenn ¬har trakka?
16
Dei vart rivne bort før tida, flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll.
17
Dei sa til Gud: «Gå frå oss! Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?»
18
Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting; nidingars råd var langt ifrå han.
19
Dei rettferdige ¬ser det med glede, og dei skuldlause spottar dei:
20
«Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre, resten av dei har elden øydt.»
21
Forlik deg no med han ¬og hald fred, så skal lukka venda tilbake ¬til deg.
22
Ta imot rettleiing ¬frå hans munn, og legg deg hans ord på hjarta.
23
Vender du om ¬til Den Allmektige, skal du atter reisast opp. Held du urett borte frå ditt telt,
24
og kastar du gullet ditt i støvet, ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken,
25
skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg, ja, som det finaste sølv.
26
Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige, og lyfta andletet til Gud.
27
Når du bed til han, ¬vil han høyra deg, og du skal gjera det du har lova.
28
Det du set deg føre, ¬skal lukkast, og ljos skal skina på dine vegar.
29
Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig, men frelser dei ¬som slår augo ned.
30
Han bergar den ¬som er fri for skuld; har du reine hender, ¬vert du berga.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42