bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 6
Job 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 7 →
1
Då tok Job til ords og sa:
2
Gjev mitt mismod kunne vegast og all mi ulukke ¬leggjast på vekt!
3
For no er ho tyngre ¬enn havsens sand, difor talar eg så tankelaust.
4
Piler frå Den Allmektige ¬sit i min kropp, mi ånd syg i seg deira gift. Guds redsler fylkar seg ¬mot meg.
5
Skrik vel eit villesel ¬i grøne graset, rautar ein okse ¬når han har fôr?
6
Kven et det som smakar flautt fordi det ikkje er salta? Er det smak på stokkrose-saft?
7
Det byd meg imot ¬å røra ved slikt, det er som å eta utskjemd mat.
8
Å, om mi bøn vart høyrd, om Gud ville oppfylla mi von!
9
Gjev han sette seg føre ¬å knusa meg, lyfte si hand ¬og skar av min livstråd!
10
Då hadde eg likevel trøyst og kunne hoppa av glede ¬i nådelaus pine. For eg har ikkje fornekta ¬orda åt Den Heilage.
11
Har eg kraft til å halda ut, har eg eit mål å sjå fram til, så eg kan venta med tolmod?
12
Er eg så sterk som stein, har eg ein kropp av bronse?
13
Nei, eg kan ikkje hjelpa ¬meg sjølv, og mi von om berging er ute.
14
Den som ikkje vil vera god ¬mot sin neste, har ikkje lenger age ¬for Den Allmektige.
15
Mine brør har svikta ¬som ein bekk, som eit elvefar ¬der vatnet er borte.
16
Vatnet kan grumsast til av is, og snø kan blanda seg i det.
17
Men i turketida stilnar elva, når varmen kjem, kverv ho.
18
Karavanar tek ein annan veg, dei kjem opp i øydemarka ¬og går til grunne.
19
Karavanar frå Tema ¬såg etter vatn, ferdafylgje frå Saba ¬vona òg på det.
20
Dei var fulle av tillit, ¬men vart til skammar; då dei kom fram, ¬vart dei vonbrotne.
21
Så er de for meg i dag; de ser det som skræmer, ¬og vert redde.
22
Har eg vel sagt: «Lat meg få! Gjev meg ei gåve av det de eig!
23
Berga meg frå fiendens grep, fria meg frå valdsmenns hand!»
24
Gjev meg rettleiing, ¬så skal eg teia, syn meg kvar eg har fare vilt!
25
Ærlege ord kan ikkje såra, men kva hjelper det vel ¬om de formanar?
26
Tenkjer de å refsa meg ¬for mine ord? Ein vonlaus mann ¬talar ut i veret.
27
Kastar de lodd ¬om foreldrelause born, eller kjøpslår de om ein ven?
28
Gjer no vel og sjå på meg! Trur de eg lyg dykk ¬midt opp i andletet?
29
Tenk dykk om ¬og gjer ingen urett! Ja, tenk dykk om, for eg har enno rett.
30
Er det då urett på mi tunge, har eg ikkje sans ¬for det som er vondt?
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42