bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 20
Job 20
Norwegian N 78 NN
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 21 →
1
Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:
2
Mine tankar gjev meg svar ¬på dette, difor er eg så oppøst.
3
Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord, men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar.
4
Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid, heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda:
5
Dei gudlause jublar ¬ei lita stund, ein augneblink varer ¬nidingens glede.
6
Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt, og hans hovud reiser seg ¬mot sky,
7
så går han for alltid ¬til grunne som skit; dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»
8
Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir, han kverv som eit syn om natta.
9
Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger, han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.
10
Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp; og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.
11
Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft, men no må ho fylgja ¬med han i støvet.
12
Det vonde smakar søtt ¬i hans munn, han gøymer det under tunga.
13
Han sparer på det ¬og slepper det ikkje, men held det fast mot ganen.
14
Likevel vert maten omskapt ¬i hans mage og vert til ormeeiter i hans liv.
15
Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp, Gud driv det ut or hans buk.
16
Ormeeiter må han suga i seg, hoggormen drep han ¬med si tunge.
17
Aldri får han sjå at det renn bekker med honning ¬og elvar med mjølk.
18
Han må gje att ¬det han har vunne, og får ikkje nyta godt av det; han har inga glede ¬av den rikdom han vann.
19
For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja, han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.
20
Men inni seg fekk han aldri ro, med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.
21
Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst, difor skal hans velstand ¬ikkje vara.
22
Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod, ulukka råkar han ¬med all si makt.
23
For at han skal få nok, sender Gud imot han ¬sin brennande vreide og lèt undergang regna på han.
24
Rømer han for jernvåpen, skal ein bronseboge ¬gjennombora han.
25
Han dreg pila ut or ryggen og blanke odden or galleblæra; då vert han gripen av redsle.
26
Berre mørker har han i vente. Han skal øydast av ein eld som ingen blæs på. Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna, skal det gå ille.
27
Himmelen openberrar ¬hans skuld, og jorda reiser seg mot han.
28
Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad, ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag.
29
Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud, det er den arv han har etla dei.
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42