bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 10
Isaiah 10
Norwegian N 78 NN
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 11 →
1
Ve dei som gjev ¬urettferdige lover og føresegner som er til ulukke!
2
Dei driv småkårsfolk bort ¬frå retten og tek frå dei verjelause ¬i mitt folk det dei har rett på. Enkjene gjer dei ¬til sitt hærfang, og farlause plyndrar dei.
3
Men kva vil de gjera ¬på rekneskapsdagen, når stormveret kjem ¬langt bortanfrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gjera ¬av rikdomen dykkar?
4
Då er det ingen annan utveg enn å siga i kne mellom fangar eller å falla mellom dei drepne. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.
5
Ve Assur, mitt vreideris! Min harme er staven ¬i hans hand.
6
Eg sende han ¬mot eit gudlaust folk, baud han fara mot det folk ¬eg var harm på, så han kan røva ¬og rana og plyndra og trakka det ned ¬som avfall i gata.
7
Men han har ikkje meint det så og gjer seg ikkje slike tankar. Nei, til å øyda står hans hug og til å rydja ut mange folk.
8
Han seier: ¬«Er ikkje mine stormenn kongar alle saman?
9
Gjekk det ikkje Kalno ¬som Karkemisj? Gjekk det ikkje Hamat ¬som Arpad, og Samaria som Damaskus?
10
Når mi hand har nått til ¬dei rika der dei dyrka andre gudar, og der det var fleire gudebilete enn i Jerusalem og Samaria,
11
skulle eg ikkje då ¬kunna gjera det same med Jerusalem ¬og gudebileta der som eg gjorde med Samaria ¬og gudane der?»
12
Men når Herren har fullført ¬alt sitt verk på Sion-fjellet og i Jerusalem, då krev eg Assur-kongen ¬til rekneskap for fylgjene ¬av hans hovmodige ferd og for trassen ¬i hans stolte augo.
13
For han har sagt: «Dette har eg gjort ¬med mi sterke hand, og i min visdom, for eg er klok. Eg sletta ut grenser ¬mellom folkeslag og plyndra skattane deira. I mitt velde ¬støytte eg fyrstar frå trona.
14
Mi hand greip etter rikdomen ¬åt folka som ein grip etter eit fuglereir. Som ein samlar inn egg ¬når fuglen er flogen, har eg samla alle land på jorda. Det fanst ingen ¬som rørte ein veng eller opna nebben og peip.»
15
Briskar vel øksa seg ¬mot den som høgg, set saga seg over den ¬som sagar? Som om staven skulle svinga ¬han som lyfter han, og stokken lyfta han ¬som ikkje er av tre!
16
Difor skal Herren, ¬Allhærs Gud, senda tærande sjukdom mellom assyrarkongens ¬sterke menn. Under all hans herlegdom ¬skal det kveikjast ein eld, og som eit bål skal han loga.
17
Israels ljos skal verta ein eld, Israels Heilage ein loge som brenn i landet hans og øyder både torn og tistel på ein einaste dag.
18
Han skal gjera ende ¬på rubb og stubb i dei herlege skogane ¬og hagane hans. Det skal gå ¬som når ein sjuk tærest bort.
19
Dei tre som vert att i skogen, skal vera lette å telja; ein smågut kan skriva dei opp.
20
Den dagen skal Israels rest og dei av Jakobs ætt ¬som er berga, ikkje lenger stø seg ¬til han som slo dei, men trufast stø seg til Herren, Israels Heilage.
21
Ein rest skal venda om, ¬ein rest av Jakob, til den veldige Gud.
22
For om folket ditt, Israel, var talrikt som havsens sand, skal berre ein rest venda om. Øyding er fastsett, ho velt fram med rettferd.
23
For Herren, Allhærs Gud, lèt den fastsette øyding koma over all jorda.
24
Så seier Herren, Allhærs Gud: Mitt folk, du som bur på Sion, ver ikkje redd for Assur når han slår deg med stokken og lyfter staven sin mot deg, som dei gjorde i Egypt.
25
For om ei lita stund er harmen min slokna, og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden.
26
Då skal Herren, Allhærs Gud, svinga ei svepe over dei, som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget. Han skal retta staven sin ¬ut over havet og lyfta han sameleis ¬som i Egypt.
27
Den dagen skal det henda at han tek børa av akslene dine og åket av halsen din; åket skal brotna ¬for ditt aukande hold.
28
Fienden kjem over Ajjat og dreg gjennom Migron; han lèt etter seg ¬trenet i Mikmas.
29
Så fer dei over skaret: «I Geba gjev vi oss til ¬for natta!» Rama skjelv av redsle, folket rømer frå Sauls Gibea.
30
Skrik høgt, du Gallim-by! Lyd etter, Laisja, ¬gjev svar, Anatot!
31
Folket i Madmena flyr, i Gebim bergar dei seg unna.
32
Alt i dag vil fienden stå i Nob og svinga handa ¬mot Sion-fjellet, mot Jerusalems-høgda.
33
Sjå, Herren, Allhærs Gud, høgg greinene av ¬med skræmeleg kraft. Høge tre vert felte, røslege tre sig i bakken.
34
Den tjukke skogen ¬vert hoggen med øks, Libanon fell for Den Veldige.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66