bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 38
Isaiah 38
Norwegian N 78 NN
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 39 →
1
På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.»
2
Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren.
3
«Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.
4
Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så:
5
«Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. Sjå, eg legg endå femten år til levetida di.
6
Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde, og eg vil verna denne byen.
7
Og dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova:
8
Eg lèt skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar attende, like langt som ho før hadde gått fram.
9
Ein salme som Juda-kongen Hiskia fekk skriven då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:
10
Eg tenkte: I mine beste år må eg gå bort. Attmed portane til dødsriket ¬må eg halda til dei dagar eg har att.
11
Eg sa: Eg får ikkje sjå Herren i landet åt dei levande. Eg får ikkje skoda ¬menneske meir mellom dei som bur på jorda.
12
Som eit gjætartelt vert min bustad teken ned og ført bort ifrå meg. No rullar eg saman min ¬livsvev, dei siste trådane skjer han av. Frå morgon til kveld gjev du meg i dødens vald.
13
Eg ropar om hjelp ¬til morgonen renn; som ei løve ¬knasar han alle mine bein. Frå morgon til kveld gjev du meg i dødens vald.
14
Eg pip som svala og trasta og klynkar som ei due. Med sløve augo ¬ser eg opp mot det høge. Eg er i naud, Herre, gå god for meg, du!
15
Kva skal eg seia? Han gav meg ein lovnad og har gripe inn. Stilt vil eg ferdast ¬alle mine dagar etter all mi sjelekvide.
16
Herre, ved dette ¬får menneske liv, det held mi ånd i live. Så gjer meg då frisk, og lat meg få leva!
17
Sjå, det som var så bittert, har vorte til fred for meg. Du har spart mitt liv, så eg ikkje går til grunne ¬i grava. For alle mine synder har du kasta bak din rygg.
18
Dødsriket prisar deg ikkje, ingen av dei døde lovar deg. Dei som fer ned i grava, ventar ikkje på din truskap.
19
Dei levande er det ¬som prisar deg, liksom eg i dag. Ein far fortel sine søner om din truskap, Gud.
20
Herren vil frelsa meg. Kom, lat oss spela på harpe framfor Herrens hus ¬alle våre dagar.
21
Jesaja sa: «Henta ei fikenkake og legg henne til plaster på svullen! Så vert kongen god att.»
22
Då spurde Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til Herrens hus?»
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66