bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 9
Isaiah 9
Norwegian N 78 NN
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 10 →
1
Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur.
2
Det folket som ferdast ¬i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i ¬skuggelandet, skal ljoset stråla.
3
Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg ¬i kornskurden, som ein jublar ¬når hærfang vert utskift.
4
For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund ¬som på Midjans dag.
5
Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde ¬for elden.
6
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler ¬på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.
7
Så skal herredømet ¬verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette.
8
Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob, det har slege ned i Israel.
9
Dei har fått merka det, ¬heile folket, dei som bur i Efraim ¬og Samaria. Men stolte og hovmodige ¬sa dei:
10
«Teglsteinsmurar ¬har rasa saman, vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein. Morbærtre er felte, vi plantar sedertre i staden.»
11
Då lét Herren Resin, deira fiende, ¬reisa seg mot dei, og han eggja ¬deira motstandarar.
12
Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vest og slukte Israel med vidope ¬gap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.
13
Men folket vende ikkje om til han som slo det, dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud.
14
Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale, palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.
15
Dei eldste og stormennene ¬er hovudet, profetane som lærer lygn, ¬er halen.
16
Dei som førte dette folket, ¬førte vilt, og dei som lét seg leia, fór vilt.
17
Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deira og hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer; for alle var gudlause ¬og gjorde vondt, kvar einaste munn ¬tala dårskap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.
18
Ja, gudløysa brenn som eld og øyder torn og tistel; ho set tjukke skogen i brann, og røyken stig høgt til vers.
19
Landet er sett i brann fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm, og folket vert til føde ¬for elden. Det er ingen ¬som sparer sin bror.
20
Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne, dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette. Kvar og ein et sin neste,
21
Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse, og saman kastar dei seg ¬over Juda. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66