bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 57
Isaiah 57
Norwegian N 78 NN
← Chapter 56
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 58 →
1
Dei rettferdige ¬går til grunne, og ingen bryr seg om det. Gode menn vert rivne bort, men ingen ansar det. Ja, av vondskap ¬vert dei bortrivne,
2
dei som ferdast i fred. No kviler dei i sine graver, dei som gjekk den rette vegen.
3
Men kom hit, ¬de trollkvinnesøner, du ætt av horkar og skjøkje!
4
Kven har de til låtteløye? Kven geipar de til ¬og retter tunge mot? Er det ikkje synda ¬som driv dykk, er ikkje de ei lygnar-ætt?
5
De brenn av lyst ¬mellom eiketrea og under kvart lauvrikt tre, de slaktar born i dalane, i skorter og skar.
6
Dei håle steinane nede i dalen er den lut du har valt. Du renner ut drikkoffer for dei og ber fram offergåver. Skulle eg finna meg i det?
7
På eit høgt og mektig fjell stelte du til di lege. Der steig du opp og bar fram slaktoffer.
8
Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn. Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege, du la deg ned og gjorde plass. Så tinga du med nokre av dei som du elskar å liggja med, og du såg dei nakne.
9
Du drog til Melek med olje og hadde med deg mykje salve. Du sende dine bodberarar ¬langt av stad, lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket.
10
Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring, men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.» Du samla nye krefter, difor gav du ikkje opp.
11
Kven var du så redd ¬og skjelven for, sidan du fór med lygn? Du kom ikkje lenger meg i hug og brydde deg ikkje om meg. Fordi eg tagde i lange tider, hadde du ikkje age for meg.
12
Eg vil fortelja om di rettferd og om dine gjerningar; dei gagnar deg ikkje.
13
Lat dine avgudar berga deg når du skrik! Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp, ein vind skal føykja dei bort. Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landet og ta mitt heilage fjell i eige.
14
Det lydde eit ord: Bygg, ja bygg og ryd ein veg! Ta bort kvar støytestein frå vegen åt mitt folk!
15
Så seier han ¬som er høgt opphøgd, han som tronar evig ¬og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust ¬og nedbøygd i ånda. Eg vekkjer ånda til liv ¬hjå dei bøygde og hjarta til liv hjå dei knuste.
16
For eg vil ikkje evig ¬føra klagemål og ikkje alltid vera harm. Elles kom deira ånd til å missa si kraft for mitt åsyn, deira livsande ¬som eg har skapt.
17
Fordi Israel ¬hadde slik syndig lyst, vart eg harm og slo dei; så løynde eg meg i min vreide. Men dei vende seg bort og valde ein veg ¬etter eigen hug.
18
Eg såg dei vegar dei gjekk, men no vil eg lækja og leia dei og gje dei ei rikeleg trøyst. Og dei som syrgde over dei,
19
på deira lipper legg eg lovsong. Så gjev eg fred ¬til den som er nær, og fred ¬til den som er langt borte. Eg vil lækja dei, seier Herren.
20
Men dei gudlause ¬er som det bårande havet; det kan aldri falla til ro, og bylgjene rotar opp ¬gjørme og skit.
21
Dei gudlause har ingen fred, seier Herren.
← Chapter 56
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 58 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66