bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 42
Isaiah 42
Norwegian N 78 NN
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 43 →
1
Sjå, min tenar ¬som eg stør, min utvalde ¬som eg har hugnad i! Eg har lagt min Ande på han, retten skal han føra ut til folka.
2
Han skal ikkje skrika ¬og ikkje ropa og ikkje bruka mælet på gata.
3
Han skal ikkje bryta ¬eit broste sev og ikkje sløkkja ¬ein rykande veik. Med truskap ¬skal han føra retten ut.
4
Han skal ikkje trøytna og ikkje bryta saman før han har breitt ut retten ¬på jorda. Øyar og strender ¬ventar på hans lære.
5
Så seier Herren Gud, han som skapte himmelen ¬og spente han ut, og breidde ut jorda ¬med alt som der gror, han som gjev livspust ¬til folket på jord og ånd til dei som ferdast der:
6
Eg, Herren, ¬har kalla deg i rettferd og teke deg i handa. Eg har skapt deg og gjort deg til ei pakt ¬for folket, til eit ljos for folkeslaga.
7
Du skal opna blinde augo og føra fangar ut or fengslet, dei som sit i mørkret, ut or fangeholet.
8
Eg er Herren, det er mitt namn. Eg gjev ikkje mi ære til andre og ikkje min pris til gudebilete.
9
Det som vart varsla før, ¬er kome, og no kunngjer eg nye ting. Før dei enno gror fram, lèt eg dykk få høyra om dei.
10
Syng ein ny song for Herren, lovsyng han ¬frå heimsens endar, de som ferdast på havet, og alt som fyller det, de øyar og strender og de som bur der!
11
Øydemarka med sine byar ¬skal syngja, landsbyane der Kedar held til. Dei som bur på fjellet, ¬skal jubla, frå fjelltoppane ¬skal dei ropa høgt.
12
Dei skal gje Herren ære, forkynna hans pris ¬på øyar og strender.
13
Herren dreg ut som ei kjempe; han eggjar sin stridshug ¬som ein krigar, lèt hærropet ljoma og viser sin styrke på fiendane:
14
I lange tider ¬har eg halde meg i ro, eg har tagt og tøymt meg sjølv. No skrik eg ¬som ei fødande kvinne, eg frøser og syp etter anden.
15
Eg vil gjera fjell og haugar aude og svi av alt grønt på dei. Elvar vil eg gjera til turt land, og myrar vil eg leggja turre.
16
Blinde vil eg føra på ein veg dei ikkje kjenner, på ukjende stigar vil ¬eg leia dei. Mørkret framføre dei ¬vil eg gjera til ljos og ulendt mark til slette. Dette er det eg vil gjera, og ingen ting skal vera ugjort.
17
Med skam må dei vika attende, dei som lit på gudebilete, dei som seier til støypte bilete: «De er våre gudar.»
18
Høyr, de døve! Lyft augo og sjå, de blinde!
19
Kven er blind, ¬om ikkje min tenar, og døv som mitt sendebod? Kven er blind som min ven og døv som Herrens tenar?
20
Mangt har du sett, men du ansar det ikkje; du har opne øyro, ¬men høyrer ikkje.
21
Herren ville for si ¬rettferd skuld gjera lova stor og herleg.
22
Men folket er herja og plyndra, alle er bundne i fangehol, i fengsel ligg dei bortgøymde. Dei vart til hærfang, ¬og ingen berga dei, til rov, ¬og ingen sa: «Gjev det att!»
23
Kven av dykk vil høyra ¬på dette, lyda etter frå denne stund?
24
Kven var det ¬som gav Jakob til plyndring og Israel til ransmenn? Det var Herren, ¬som vi synda imot. Dei ville ikkje gå på hans vegar og lydde ikkje hans lov.
25
Så rende han ut over dei sin heite harme ¬og ein veldig krig. Det loga ikring dei, ¬men dei skjøna det ikkje, det svidde dei, ¬men dei ansa det ikkje.
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 43 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66