bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 26
Isaiah 26
Norwegian N 78 NN
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 27 →
1
Den dagen skal dei syngja denne songen i Juda: Vi har ein sterk by. Murar og festningsvollar er reiste til vern for oss.
2
Lat opp portane, så det kan dra inn, det rettferdige folket som held fast på sin truskap.
3
Den som er fast i hugen, han lèt du alltid ha fred, for han set si lit til deg.
4
Så lit då alltid på Herren, for Herren er eit evig fjell!
5
Han støyter ned dei ¬som bur i det høge, i ein utilgjengeleg by. Han jamnar byen med jorda og styrtar han i støvet.
6
Armingar og fattigfolk skal trakka han under fot.
7
Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige, for dei rettvise banar du veg.
8
Herre, vi ventar på deg og fylgjer den veg ¬du har fastsett. Vi lengtar og stundar etter deg og ditt namn.
9
Om natta stundar mi sjel ¬etter deg, ja, ånda i meg søkjer deg. Når dei held seg ¬til dine lover på jorda, lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.
10
Får den gudlause nåde, lærer han ikkje rettferd. Han gjer urett i landet der rett skulle rå, og ser ikkje Herrens velde.
11
Herre, di hand er lyft, men det ser ingen. Lat dei skjemmast ¬når dei får sjå din brennhug for folket. Lat eld øyda dine ¬motstandarar!
12
Herre, du hjelper oss til fred. For alt det vi har gjort, det òg har du gjort for oss.
13
Herre, vår Gud! Andre enn du har hatt herredøme over oss. Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.
14
Døde livnar ikkje, daudingar står ikkje opp. For du har kravt dei ¬til rekneskap, gjort ende på dei og rudt ut kvart minne om dei.
15
Du har gjort folket stort, Herre, gjort det stort og vunne ære, du gjorde alle ¬landsens grenser vide.
16
Herre, dei søkte deg i nauda, og kviskra fram bøner då du tukta dei.
17
Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skrik når riene kjem og ho skal føda, så har du laga det for oss, ¬Herre.
18
Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk, men det er som føder vi vind. Vi har ikkje gjeve landet frelse, ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.
19
Dine døde skal verta levande, mine lik skal stå opp. Vakna og rop av fryd, de som bur i molda! For di dogg er ei lysande dogg, og jorda gjev døde ¬attende til livet.
20
Gå inn i kovane dine, mitt folk, og lat att dørene etter deg! Gøym deg ei lita stund, til vreiden går over!
21
For sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad; han vil straffa dei ¬som bur på jorda, for deira synd og skuld. Då skal jorda la koma for dagen det blod som er utrent der, og ikkje lenger løyna ¬dei drepne.
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 27 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66