bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 33
Isaiah 33
Norwegian N 78 NN
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 34 →
1
Ve deg som herjar, men ikkje sjølv er herja, du ransmann ¬som ingen har rana! Når du er ferdig med å herja, skal du herjast sjølv; når du sluttar å rana, skal dei rana deg.
2
Ver oss nådig, Herre, ¬vi ventar på deg! Ver du vår styrke kvar morgon, vår frelse når vi er i naud.
3
For di veldige røyst ¬rømer folka; når du reiser deg, ¬vert folkeslag spreidde.
4
Folk riv til seg hærfang som når grashopper snøyer, som grashoppesvermar kastar dei seg over det.
5
Opphøgd er Herren, ¬han bur i det høge; han fyller Sion ¬med rett og rettferd.
6
Trygge tider skal du få sjå, ein rikdom av frelse, ¬visdom og kunnskap. Då skal age for Herren ¬vera Sions skatt.
7
Høyr, Ariels menn, ¬kor det skrik der ute! Sårt græt dei sendemenn ¬som tinga om fred.
8
Vegane ligg aude, ingen ferdast på stigane meir. Pakta vert broten ¬og vitne vanvørde; ingen bryr seg om menneske.
9
Landet sturer og visnar, Libanon sjuknar bort av skam, Saron er som den aude mark, Basan og Karmel misser lauvet.
10
No vil eg reisa meg, ¬seier Herren, no vil eg stå opp og stiga fram.
11
De er svangre med høy ¬og føder halm, min pust skal øyda dykk ¬som eld.
12
Folkeslag skal brennast til kalk, dei skal brennast ¬som avhoggen klunger.
13
Høyr kva eg vil gjera, de som er langt unna, og kjenn min styrke, de som er nær!
14
Syndarar skjelv ¬av redsle på Sion, angst har gripe dei gudlause: «Kven kan bu ¬ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?»
15
«Den som ferdast i rettferd og talar det som er rett, som seier nei til vinning ¬vunnen med vald, som veiftar med handa og viser at han ikkje tek muter, stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd, og lèt augo att ¬for det som er vondt,
16
han får bu på høge stader, bratte fjell er hans vern; han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.»
17
Med eigne augo skal du skoda Kongen i hans herlegdom, og du får sjå eit vidsveimt land.
18
Du skal tenkja på redsla ¬som rådde: Kvar er han som skreiv og vog, kvar er han som talde tårna?
19
Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket, folket med ¬det vanskelege språket som ingen skjønar, med stammande tunge ¬som ingen kan tyda.
20
Sjå på Sion, byen der vi held våre høgtider! Augo dine skal skoda Jerusalem, den trygge stad, teltet som ikkje skal flyttast, med pluggar ¬som ikkje skal rivast, og snorer som aldri slitnar.
21
For der er Herren, ¬den veldige, med oss. Der skal breie elvar strøyma; men på dei skal båtar ikkje gå og stolte skuter ikkje fara.
22
For Herren er vår domar, han er vår hovding, Herren er vår konge, han frelser oss.
23
Slakt heng tauverket ¬på dine skip, det held ikkje masta på plass og held ikkje seglet utspent. Då kan folk skifta hærfang ¬i mengd, jamvel lame ranar og plyndrar.
24
Ingen borgar skal seia: ¬«Eg er sjuk.» Dei som bur der, har fått sine synder tilgjevne.
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 34 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66