bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 29
Isaiah 29
Norwegian N 78 NN
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 30 →
1
Usæl Ariel, Ariel, byen der David slo leir! Legg berre år til år, lat høgtider koma og gå!
2
Eg vil føra trengsle over Ariel – då vert det sorg og sut, og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel.
3
Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg, kasta opp vollar ikring deg og reisa skansar mot deg.
4
Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda, mulla fram dine ord frå støvet. Di røyst skal stiga ¬som daudingmål, dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.
5
Men så vert flokken ¬av dine fiendar som fint støv og hopen av valdsmenn ¬som fykande agner. Brått, i ein augneblink,
6
kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud, med bulder og brak ¬og veldig døn, med vindkast, ¬storm og øydande eld.
7
Som ein draum, ¬som eit syn om natta, vert dei borte, ¬dei mange folkeslag som strider mot Ariel, som går til åtak ¬på byen og borga og fører trengsle over han.
8
Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymer og tykkjer at han får mat: Når han vaknar, ¬er han like svolten. Det går som når ¬den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk; han vaknar maktlaus og tyrst. Så går det ¬med dei mange folkeslag som strider mot Sion-fjellet.
9
Stir på kvarandre, ¬fulle av undring, lat augo klinast att, ¬og ver blinde! Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin, og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!
10
For Herren har rent ut ¬over dykk ei ånd som valdar tung svevn. Han har late att augo dykkar ¬– profetane, og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.
11
Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»
12
Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»
13
Herren sa: Fordi dette folket held seg nær til meg ¬med munnen og ærar meg med lippene, medan hjarta er langt borte ¬frå meg, og fordi deira age for meg er menneskebod ¬som dei har lært seg,
14
difor vil eg framleis ¬fara underleg fram, underleg og underfullt ¬mot dette folket. Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgå og klokskapen ¬åt dei kloke kverva.
15
Ve dei som nede i det djupe løyner for Herren ¬det dei har føre! Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkret og seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?»
16
Kor bakvendt de tenkjer! Skal ikkje krusmakaren aktast høgare enn leira? Kan verket seia ¬om handverkaren: «Han har ikkje laga meg,» og kjeraldet om krusmakaren: «Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?
17
No er det berre ei lita stund, så skal Libanon ¬verta ein frukthage, og det som no er frukthage, skal reknast for skog.
18
Den dagen skal dei døve høyra ord som står skrivne i bok, og ut or mørker og dimme skal blinde augo sjå.
19
Dei hjelpelause skal atter gleda seg i Herren, og dei fattige skal jubla over Israels Heilage.
20
For borte er valdsmannen, ute er det med spottaren, og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,
21
dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige, la snarer for den ¬som hevda retten på tinget, og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.
22
Difor, så seier Herren, han som er Gud for Jakobs ætt, han som fria ut Abraham: No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar, hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir.
23
For når han ¬og borna hans får sjå det mine hender ¬har gjort imellom dei, då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt, dei skal helga Jakobs Heilage og ottast Israels Gud.
24
Dei som fer vilt i sine tankar, skal læra skjøn, og dei som murrar, skal få visdom.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66