bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 19
Isaiah 19
Norwegian N 78 NN
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 20 →
1
Domsord mot Egypt. Sjå, Herren fer fram ¬på lette sky og kjem til Egypt. Egyptargudane skjelv for han, og motet kverv hjå egyptarane.
2
Eg eggjar egyptar mot egyptar, så dei strider, kvar mot ¬sin bror, mann mot mann og by mot by, og kongerike mot kongerike.
3
Egyptarane går frå sans ¬og samling, eg skiplar deira planar. Då vender dei seg ¬til gudar og trollmenn, til gjengangarar ¬og spådomsånder.
4
Men eg vil gje egyptarane i ein hardstyrars vald og makt; ein mektig konge ¬skal rå over dei, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Herre.
5
Då turkar vatnet i Nilen bort, elva vert tom og turr.
6
Elvefara ligg og tevjar, Nilens armar minkar ¬og turkar ut, røyr og sev svartnar og visnar.
7
Graset som veks ¬frammed Nilen, og alt som er sått langs elva, turkar, fyk bort og kverv.
8
Fiskarane syrgjer og klagar, alle som kastar krok i Nilen; og dei som set garn i vatnet, misser reint motet.
9
Dei som arbeider med lin, ¬vert til skammar, dei som kardar og vev, ¬bleiknar.
10
Alle vevarane sturer, lønsarbeidarane er ille til mote.
11
Berre dårar ¬er hovdingane i Soan, vismennene åt farao ¬gjev dumme råd. Korleis kan de seia til farao: «Vi er ætta frå vismenn, frå kongar i gamal tid»?
12
Kvar er då vismennene dine? Lat dei fortelja ¬og kunngjera deg kva Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føre å gjera med egyptarane.
13
Dårar er hovdingane i Soan, stormennene i Nof ¬har late seg narra. Ættehovdingane i Egypt har ført folket sitt vilt.
14
I dei har Herren rent ut ei ånd som gjer ør. Dei har fått egyptarane ¬til å raga kva dei så tek seg føre, som ein drukken ¬ragar om i sitt spy.
15
Ingenting skal lukkast ¬for egyptarane, anten det er hovud eller hale, palmegrein eller sev ¬som gjer det.
16
Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av angst fordi Herren, Allhærs Gud, har lyft si hand og svingar henne over dei.
17
Juda-landet skal verta ei redsle for egyptarane. Så ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva av angst for den planen Herren, Allhærs Gud, har lagt mot dei.
18
På den tid skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans tungemål og sver truskap til Herren, Allhærs Gud. Ein av dei skal kallast Ir-Haheres.
19
På den tid skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte ved grensa.
20
Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren, Allhærs Gud, i Egypt. Når dei ropar til Herren om hjelp mot valdsmenn, skal han senda dei ein bergingsmann og stridsmann, og han skal frelsa dei.
21
Då skal Herren gjera seg kjend for egyptarane; dei skal læra han å kjenna på den tid. Og dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje han lovnader og halda dei.
22
Herren skal slå egyptarane – slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han skal høyra bønene deira og lækja dei.
23
På den tid skal det vera ein jamn veg frå Egypt til Assyria. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assyria, og saman skal dei tena Herren.
24
På den tid skal Israel – den tredje i lag med Egypt og Assyria – vera ei velsigning midt på jorda.
25
Herren, Allhærs Gud, skal velsigna dei og seia: Velsigna vere Egypt, mitt folk, Assyria, eit verk av mi hand, og Israel, min eigedom!
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66