bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Isaiah 13
Isaiah 13
Norwegian N 78 NN
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 14 →
1
Domsord mot Babel, som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn:
2
Reis samlingsmerket ¬på snaue fjellet, og rop til folket med høg røyst! Veifta med handa ¬at dei kan dra inn gjennom portane ¬åt dei gjæve menn!
3
Eg har kalla inn ¬mine vigsla menn, har samla mine stolte, ¬jublande stridsmenn, som skal tena meg ¬i min vreide.
4
Høyr ståket bortover fjella som av ein veldig hop! Høyr larmen av kongerike, av folkeslag som samlar seg! Det er Herren, Allhærs Gud, som mønstrar sin hær.
5
Dei kjem frå eit land ¬langt borte, frå den ytste himmelrand, Herren og dei folk ¬han vil bruka når han i sin harme legg heile jorda i øyde.
6
Set i med klagerop, for Herrens dag er nær. Han kjem med øydelegging frå Den Allmektige.
7
Difor sig alle hender, kvart menneske misser motet.
8
Dei vert gripne av redsle. Ve og verk kjem over dei, dei vrid seg ¬som ei fødande kvinne. Mållause stirer dei ¬på kvarandre, eldraude er dei i andletet.
9
Sjå, full av gru er Herrens dag, han kjem med harme ¬og brennande vreide. Han skal gjera jorda aud og rydja ut syndarane der.
10
For stjernene og stjernebileta ¬på himmelen lèt ikkje ljoset sitt skina. Mørk er sola når ho renn, og månen lyser ikkje.
11
Eg vil straffa jorda ¬for hennar vondskap og dei gudlause ¬for deira misgjerning. Eg gjer ende ¬på dei store og stolte og bøyer hovmodige ¬valdsmenn.
12
Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull, menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir.
13
Difor skjek eg himmelen, og jorda skjelv ¬så ho kjem av lage, fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm den dagen vreiden hans brenn.
14
Liksom skræmde gasellar, lik sauer som ingen samlar, skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk, og røma, kvar til sitt land.
15
Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast, og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd.
16
Småborna deira skal knusast beint framfor augo på dei; husa deira skal plyndrast og kvinnene takast med vald.
17
Sjå, eg eggjar medarane ¬mot dei, eit folk som ikkje bryr seg ¬om sølv og ikkje trår etter gull.
18
Med boge feller dei ¬unge menn, dei sparer ikkje fosteret ¬i mors liv og har ikkje medkjensle ¬med born.
19
Med Babel, ¬krona mellom kongerike, den stolte kaldear-prydnaden, skal det gå som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde.
20
Aldri meir skal byen byggjast, frå ætt til ætt skal ingen bu der. Der skal ingen beduin ¬slå opp sitt telt og ingen gjætar la dyra kvila.
21
Men ørkendyr skal liggja der og husa fyllast av ugler. Der skal strutsar halda til og raggetroll hoppa ikring.
22
Ville hundar skal yla i borgene og sjakalar i vellyst-slotta. No stundar byens time til, han har ikkje mange dagar att.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66