bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 13
Isaiah 13
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 14 →
1
Ein bodskap om Babel som Jesaja, son til Amos, fekk sjå:
2
Lyft banneret på snaue fjellet, rop høgt til dei, vink med handa så dei kan dra inn gjennom storfolks portar.
3
Eg har sjølv kalla inn mine heilage krigarar som skal tena min vreide, eg har samla mine krigsmenn, dei som jublar over mitt velde.
4
Høyr ståket på fjella som frå eit stort folk! Høyr larmen av kongerike, folkeslag som samlar seg! HERREN over hærskarane mønstrar ein hær til strid.
5
Frå eit land langt borte, der himmelen endar, kjem HERREN og den reiskapen han bruker i sin harme for å øydeleggja heile jorda.
6
Klag, for HERRENS dag er nær. Som vald frå Den veldige kjem han.
7
Difor blir alle hender slappe, kvart menneskehjarte smeltar bort.
8
Dei blir slegne av skrekk, dei blir gripne av krampe og smerte, dei får rier lik ei kvinne som skal føda. I redsle stirer dei på kvarandre, andleta er som eld.
9
Sjå, HERRENS dag kjem med gru og harme og brennande vreide for å leggja jorda aud og utrydda syndarane der.
10
For stjernene på himmelen og stjernebileta lèt ikkje lyset skina, mørk er sola når ho står opp, og månen gjev ikkje lys.
11
Eg krev jorda til rekneskap for vondskapen og dei lovlause for deira synd. Eg gjer ende på dei stolte og frekke og slår ned hovmodige valdsmenn.
12
Eg gjer menneske meir sjeldne enn reint gull og folk meir sjeldne enn Ofir-gull.
13
Difor får eg himmelen til å skjelva, og jorda blir rist ut av lage fordi HERREN over hærskarane er harm, det er dagen for hans brennande vreide.
14
Lik jaga gasellar og sauer som ingen sankar, skal kvar og ein venda seg til sitt eige folk og kvar og ein flykta til sitt eige land.
15
Alle som blir funne, skal stikkast ned, og alle som blir gripne, skal falla for sverd.
16
Dei små borna skal knusast framfor auga på dei, husa skal plyndrast og kvinnene bli valdtekne.
17
Sjå, mot dei hissar eg medarane, dei bryr seg ikkje om sølv og har ikkje lyst på gull.
18
Bogane deira feller unge gutar, dei viser ikkje nåde mot frukta i mors liv, auga har ikkje medynk med born.
19
Med Babel, det herlegaste kongeriket, kaldearens stolte pryd, skal det gå som då Gud øydela Sodoma og Gomorra.
20
Aldri meir skal nokon slå seg ned der, frå slekt til slekt skal ingen bu der. Ingen ørkenbuar skal slå opp telt der og ingen gjetar la dyra kvila der.
21
Men ørkendyr skal kvila der og husa fyllast av ugler. Der skal strutsar bu, og der skal bukkar dansa.
22
Hyenar skal ula i borgene og sjakalar i lystslotta. Babels time nærmar seg, hennar dagar blir ikkje mange.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66