bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 9
Isaiah 9
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 10 →
1
Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.
2
Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.
3
Du lét dei jubla høgt og gjorde gleda stor. Dei gledde seg for ditt andlet som ein gleder seg over kornhausten, som ein jublar når krigsbyttet blir delt.
4
For åket som tyngde, stokken over skuldrene og staven til slavedrivaren har du brote sund som på Midjans dag.
5
Ja, kvar støvel som trampa, og kvar kappe tilsølt med blod skal brennast og bli til føde for elden.
6
For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.
7
Så skal herreveldet vera stort og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike. Han skal gjera det fast og halda det oppe med rett og rettferd frå no og for all tid. HERREN over hærskarane skal gjera dette i sin brennande iver.
8
Eit ord har Herren sendt mot Jakob, det har slege ned i Israel.
9
Og dei har fått kjenna det, heile folket, Efraim og dei som bur i Samaria, dei som stolte og hovmodige sa:
10
«Teglsteinar har falle, vi byggjer opp att med tilhoggen stein. Morbærtre er felte, vi plantar sedrar i staden.»
11
Då gav HERREN motstandaren deira, Resin, makt over dei og hissa opp fiendane deira,
12
aramearane frå aust og filistrane frå vest. Dei fortærte Israel med vidopen munn. Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.
13
Men folket vende ikkje om til han som slo det, dei søkte ikkje HERREN over hærskarane.
14
Då hogg HERREN av Israel både hovud og hale, palmegrein og siv på éin dag.
15
Den eldste og den fornemme er hovudet, halen er profeten som lærer bort løgn.
16
Dei som leidde dette folket, førte dei vill, dei som skulle leiast, vart villeidde.
17
Difor sparte ikkje Herren dei unge mennene deira, mot farlause og enkjer viste han ikkje miskunn. For alle var ugudelege og vonde, kvar munn tala dårskap. Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.
18
Ja, uretten brann som ein eld og fortærte torn og tistel, han sette tettaste skogen i brann, røyken steig høgt til vêrs.
19
Landet er sett i brann fordi HERREN over hærskarane er harm, og folket har vorte til mat for elden. Det er ingen som sparer bror sin.
20
Dei beit til høgre, men var svoltne, og åt til venstre, men vart ikkje mette. Kvar mann et sin neste,
21
Manasse et Efraim, og Efraim et Manasse. Saman går dei mot Juda. Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66