bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 38
Isaiah 38
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 39 →
1
På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier HERREN: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.»
2
Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til HERREN.
3
«Å, HERRE», sa han, «hugs at eg har vandra i sanning og med heilt hjarte for ditt andlet og gjort det som er godt i dine auge.» Og Hiskia gret høgt.
4
Då kom HERRENS ord til Jesaja:
5
«Gå og sei til Hiskia: Så seier HERREN, Gud åt David, stamfar din: Eg har høyrt di bøn og sett dine tårer. Sjå, eg legg endå femten år til levedagane dine.
6
Eg skal berga deg og denne byen frå handa til assyrarkongen, og eg vil verna denne byen.
7
Og dette skal du ha til teikn frå HERREN på at han vil halda det han har lova:
8
Eg lèt skuggen på soluret til Ahas gå ti strekar tilbake, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar tilbake, like langt som ho før hadde gått fram.
9
Dette skreiv Juda-kongen Hiskia etter at han hadde vore sjuk og hadde vorte frisk att:
10
Eg sa: Midt i livet må eg gå til dødsrikeportane. Der blir eg vakta på resten av åra mine.
11
Eg sa: Eg får ikkje sjå HERREN, HERREN i landet til dei levande. Eg får ikkje sjå eit menneske meir av dei som bur i verda.
12
Min bustad blir broten ned, teken bort ifrå meg som teltet til ein gjetar. Eg rullar saman mitt liv som ein vevar, frå renninga skjer han meg laus. Før dagen blir natt, gjer du ende på meg.
13
Eg ropar om hjelp til morgonen kjem. Som ei løve knasar han alle mine knoklar. Før dagen blir natt, gjer du ende på meg.
14
Eg pip som svala og trasta, eg klynkar som ei due. Hjelpelaus ser eg mot det høge. Herre, eg er pressa, gå god for meg, du!
15
Kva skal eg seia? Han har tala til meg, han har gjort sitt. Bitter til sinns må eg vandra alle mine år.
16
Herre, ved dette lever dei, og ved alt dette lever mi ånd. Gjer meg frisk og lat meg leva!
17
Sjå, til fred vart det bitre, det som var så bittert for meg. Du har redda mi sjel frå øydeleggings grav. For du har kasta alle syndene mine bak din rygg.
18
Dødsriket takkar deg ikkje, døden lovsyng deg ikkje, dei som har gått i grav, ventar ikkje på din truskap.
19
Den levande, den levande er det som takkar deg slik eg gjer i dag. Ein far fortel borna sine om din truskap.
20
HERREN vil frelsa meg. Lat oss spela på harpe framfor HERRENS hus så lenge vi lever.
21
Jesaja sa: «Hent ei fikenkake og legg henne til plaster på byllen, så blir han frisk!»
22
Då sa Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til HERRENS hus?»
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66