bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 24
Isaiah 24
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 25 →
1
Sjå, HERREN herjar jorda og legg henne aud, vrid andletet hennar og spreier dei som bur der.
2
Då går det folk som prest, slave som herre, slavekvinne som husfrue, kjøpar som seljar, långjevar som låntakar, innkrevjar som skuldnar.
3
Herjast, herjast skal jorda og plyndrast, plyndrast, for dette ordet har HERREN tala.
4
Jorda sørgjer og visnar, verda tørkar bort og visnar, både jorda og det høge tørkar bort.
5
Jorda er vanhelga av dei som bur der. For dei har sett seg ut over lover, forandra forskrifter, brote den evige pakta.
6
Difor blir jorda fortært av forbanning. Dei som bur der, må bøta for si skuld. Difor brenn dei som bur på jorda, berre ein liten rest blir att.
7
Den nye vinen sørgjer, vinstokken tørkar bort, alle som gledde seg i hjarta, dei sukkar.
8
Dei glade trommene teier, lyden av jubel stilnar, den glade lyra teier.
9
Folk drikk ikkje vin til song, det sterke smakar bittert for den som drikk.
10
Knust er den aude byen, stengt er kvart hus, ingen slepp inn.
11
I gatene er det klagerop, dei har ikkje vin, all glede har mørkna, fryd er vist bort frå landet.
12
Byen er øydelagd, porten er knust.
13
For blant folka på jord skal det bli som når ein slår ned oliven, som når dei siste druene blir plukka.
14
Dei ropar høgt og jublar over HERRENS velde. Dei ropar av glede i vest.
15
«Så gjev ære til HERREN i aust, til namnet åt HERREN, Israels Gud, ved kystane i vest!»
16
Frå enden av jorda høyrer vi songar som prisar Den rettferdige. Men eg må seia: Det er ute med meg, ute med meg, ve meg! Svikarar svik! Svik! Svikarar svik!
17
Det blir gru og grav og garn for deg som bur på jorda!
18
Den som flyktar frå gru, skal falla i grav, kjem han seg opp or grava, skal han bli fanga i garnet. For slusene i det høge er opna, grunnvollane under jorda skjelv.
19
Jorda rivnar og rister, jorda vaklar og vinglar, jorda skjelv og skakar,
20
jorda sjanglar som ein drukken og svaiar som eit skur. Synda ligg tungt på henne, ho fell og reiser seg ikkje meir.
21
Den dagen skal HERREN straffa den høge hæren i det høge og kongane på jorda.
22
Dei skal samlast som fangar i eit hol, stengjast inne i eit fengsel og langt om lenge få si straff.
23
Då skal månen bli til spott og sola til skamme. For HERREN over hærskarane er konge på Sion-fjellet og i Jerusalem. Hans eldste skal sjå hans herlegdom.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66