bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 19
Isaiah 19
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 20 →
1
Bodskap om Egypt. Sjå, HERREN rid på raske skyer og kjem til Egypt. Avgudane i Egypt skjelv for han, og hjartet til egyptarane smeltar i brystet.
2
Eg hissar opp egyptar mot egyptar, bror skal kjempa mot bror, mann mot mann, by mot by, kongerike mot kongerike.
3
Det er tomt for ånd i egyptarane, eg gjer ende på planane deira. Dei vender seg til avgudar og skrømt, til gjenferd og spådomsånder.
4
Men eg vil gje egyptarane over i hendene på ein hard herre. Ein mektig konge skal herska over dei, seier Herren, allhærs HERRE.
5
Då blir vatnet i havet borte, elva blir tørrlagd, ho tørkar.
6
Elvefara stinkar, Nilens armar minkar og blir tørrlagde, røyr og siv visnar.
7
Graset ved munningen av Nilen og alt som er sådd langs elva, tørkar, blæs bort og forsvinn.
8
Fiskarane sørgjer, alle som fiskar med krok i Nilen, klagar, dei som set garn i vatnet, visnar bort.
9
Dei som arbeider med lin, blir til skamme, dei som kardar og vev, blir bleike.
10
Vevarane sturer, dagarbeidarane er tunge til sinns.
11
Ja, dårar er fyrstane i Soan, vismennene til farao gjev dumme råd. Korleis kan de seia til farao: «Eg er son til vismenn, son til kongar frå fortida?»
12
Kvar er no vismennene dine? Lat dei kunngjera og fortelja deg kva plan HERREN over hærskarane har lagt for egyptarane.
13
Fyrstane i Soan er dårar, fyrstane i Nof har vorte narra. Stammehovdingane har ført Egypt vill.
14
HERREN har aust ut blant dei ei ånd som gjer svimmel. Dei har fått egyptarane til å fara vill kva dei så gjer, slik ein drukken går seg vill i sitt eige spy.
15
For egyptarane skal ingenting lukkast, anten det er hovud eller hale, palmegrein eller siv som gjer det.
16
Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av frykt fordi HERREN over hærskarane har lyft si hand og svingar henne over dei.
17
Juda-landet skal bli til skrekk for egyptarane. Så ofte nokon nemner det, skal dei frykta planen HERREN over hærskarane har lagt for dei.
18
Den dagen skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans språk og sver truskap til HERREN over hærskarane. Ein av dei skal heita Ir-Haheres.
19
Den dagen skal det vera eit altar for HERREN midt i Egypt og ei steinstøtte for HERREN ved grensa.
20
Det skal vera til teikn og vitnemål for HERREN over hærskarane i Egypt. Når dei ropar til HERREN og klagar over undertrykkjarane, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann, og han skal fria dei ut.
21
Då skal HERREN gje seg til kjenne for egyptarane, på den dagen skal egyptarane læra han å kjenna. Dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje lovnader til han og halda dei.
22
HERREN skal slå egyptarane, slå, men lækja òg. Dei skal venda om til HERREN, og han vil høyra bønene deira og lækja dei.
23
Den dagen skal det vera ein hovudveg frå Egypt til Assur. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assur, og Egypt skal tilbe saman med Assur.
24
Den dagen skal Israel, den tredje saman med Egypt og Assur, vera ei velsigning for heile jorda.
25
HERREN over hærskarane skal velsigna dei og seia: Velsigna er Egypt, mitt folk, Assur, eit verk av mi hand, og Israel, min eigedom!
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66